Hopp til hovedinnholdet på siden Hopp til nettstedskarta Hopp til kontaktinformasjon
Bile av Harøy med hav og fjell i bakgrunnen
Du er her: Hjem > Einingar og tenester > Kulturelle tenester > Gards- og ættesoge

Gards- og ættesoge

Sandøy kommune er i ein prosess med å skrive ei gards- og ættesoge. På denne sida kan ein lese om historikk, presentasjon av forfattarane og framdrift med meir.
books  .bmp
HISTORIKK
                                                                                                         
I 1957 gjekk kommunane Sandøy, Aukra og Midsund saman om arbeidet med å gi ut ei felles kommunesoge. Det vart funne midlar til mellom anna avskrift av mykje kjeldemateriale frå Statsarkivet i Trondheim. Parallelt med dette valde Sandøy kommune å gje ut ei eiga soge, som skulle omhandle tida frå 1867, då Sandøy vart eige herrad slik at det ikkje kom i konflikt med fellesprosjektet. Medan samprosjektet med Aukra og Midsund gjekk i stå, vart Sandøysoga fullført og utgjeven i 1961. Alt då var meininga at bind II, ei gards- og ættesoge, skulle bli utarbeidd innan eit overskueleg stykke framtid. Det viste seg derimot at Sandøysoga skulle bli offer for både kritikk og mindre lystig diskusjon. Dette førte til at boknemnda den gongen sa frå seg ansvaret for å arbeide vidare med bind II. Og slik vart bokprosjektet eit sovande prosjekt i fleire år framover.
                                                                                                                                        
I 1976 fekk ættesoga ein renessanse. Sandøy sogenemnd vart politisk oppnemnd og tildelt eit bortimot krystallklart mandat: Set i gong arbeidet med eit bind II. Av det første nemnda gjorde, var å få kopiert arkivet til Beate Berg som ho i 1971 gav bort til Romsdalsarkivet på Romsdalsmuseet. I dag er dette tilgjengeleg på Sandøy folkebibliotek. I framhaldet tok ein til med forarbeidet til ei gards- og ættesoge. Det vart gjort forsøk med å starte innsamling av slektsopplysningar frå alle grendelaga i kommunen. Ein oppnådde eit visst resultat, men ikkje av det systematiske og målretta slaget. Arbeidet stilna meir og meir hen, og engasjementet gjekk etterkvart over til dei kortsiktige prosjekta, årsskrifta «Ved dette havet bur ei ætt...»
                                                                                                                                             
I 1996 gjekk Sogenemnda inn for å opprette ei boknemnd. Denne fekk i oppdrag å arbeide fagleg og praktisk med gards- og ættesoga, samt å kome med framlegg om gjennomføring av prosjektet. Dette arbeidet førte fram til ein konklusjon om at ein måtte ha ein eigen forfattar til bokverket som kunne arbeide med dette på fulltid. I den samanhengen vart Randi Kristin Strand engasjert til eit forprosjekt med mål om å kartlegge status for arbeidet gjort så langt, samt vidare framdrift. Forprosjektet til noverande gards- og ættesogearbeid starta opp hausten 2000 og rapporten låg føre i januar 2001. Konklusjonen i forprosjektet er at ein bør sjå bort frå Sandøysoga, og utarbeide eit uavhengig bokverk i 3 bind. To bind gards- og slektshistorie og eitt bind almenn bygdehistorie.

PRESENTASJON AV FORFATTARANE:
                                                                                                                             
Hovudforfattar Randi Kristin Strand
                                                                                                               
Randi Kristin Strand vart fødd i 1964 på Osterøy i Hordaland. Flytta seinare med sine lærarforeldre til Batnfjord på Nordmøre og deretter til Molde. Ho er utdanna faghistorikar frå NTNU i Trondheim i 1997 med hovudfagsoppgåva ”Organisering av omsorg for spedalske under eineveldet. Reknes hospital 1708-1794.” Arbeidde ein periode ved Kulturavdelinga i Møre- og Romsdal Fylkeskommune før ho vart tilsett av Sandøy Kommune. Randi er gift med Olav Harnes frå Harøya og har fem barn. Trass i eit omflakkande tilvære i oppveksten har Randi solide røter i Romsdal. Slektsgreinene strekker seg mellom anna til Fræna, Rauma og Aukra. Gjennom ei oldemor frå Julbø går jamvel ei slektsline like ut på øyane, nærare bestemt til Sandøya.
                                                                                                            
Medforfattar Anne Huse
                                                                                                 
Anne Huse vart fødd på Harøya i 1940. 14 år gammal reiste ho frå Harøya for skulegang og arbeid. 12 år seinare flytta ho tilbake til Harøya for godt, gifta seg med Roald Huse og fekk 3 døtre, etterkvart har det blitt 5 barnebarn.
Ho har arbeidd i Sandøy kommune i mange år, først mange år som lærar, dei siste 18 åra var ho biblioteksjef i kommunen.
Frå 1986 til 1989 var ho kultursekretær og fekk i denne tida eit nært samarbeid med Sandøy sogenemnd som då tok oppatt tanken om å arbeide vidare med planane om ei gards- og slekts-historie for kommunen.
Det som i utgangspunktet skulle vere å skaffe oversikt over kven som hadde levd og budd på garden Huse, vart ein viktig hobby og utvikla seg til å gjelde alle gardane i kommunen. Dette arbeidet blir no ført vidare gjennom prosjektet.
SPØRSMÅL OG ETTERLYSINGAR:
                                                                                                                                   
 Spørsmål:
Segner og historier inneheld viktige opplysingar om eldre tids tenkjesett, livsvilkår og kan jamvel vere spor etter verkelege hendingar: Hendingar det er muleg å finne att og etterprøve i skriftlege kjelder. I arbeidet med gards- og ættesoga er vi på jakt etter segner og historier frå heile det området som i dag utgjer Sandøy Kommune. Alle som kjenner til slike segner eller historier vert med dette oppfordra til å ta kontakt med meg. Segner har ofte fleire ulike variantar. Ofte hugsar ein berre brotstykke og ikkje alt. Uansett ber eg om at ein sender det ein har. I vår samanheng kan alt vere til hjelp. Eg vil helst ha segnene og historiene skriftleg, men dersom det vert vanskeleg tek eg dei gjerne over telefon også. Saman med segnene og historiene må eg ha opplysing om namn, alder og adresse på forteljaren. Likeeins opplysingar om kven som i si tid har overlevert segnene og historiene til forteljaren.
 
I første omgang hastar det med segner og historier frå Ona og Husøya. Har nokon til dømes kjennskap til historiene/ segnene rundt ”Sankt-Olaskåpet” og ”Haubokksteinen” på Husøya? Eller segner om Nøkketjønna på Ona?
 
Etterlysing:
Kjenner nokon til eldre teikningar/ måleri/ foto/ film av steinringane ved Rambjøra på Husøya? Desse vart øydelagde rett etter 2. verdskrigen då det vart laga fotballbane på staden der dei låg.
 
 
Kontaktinformasjon:
Randi Kristin Strand
Bekkevollvegen 21
6414 Molde
tlf. 92201616
e-postadresse: rankri@adsl.no