Bilder

BildeBilde

Areal: 13,8 km2
Folketal: om lag 1100
Næringsliv: industri, turisme, jordbruk, fiske, kvalfangst, handel, offentleg forvaltning
 
Harøya, eit namn som sannsynlegvis er avleia av det svenske ordet har (steingrunn) og det norrøne horg (berghammar) er den største omfløydde bopelen i øyriket vårt. På Steinshamna, nørdst på øya, finn du kommunesenteret, der dei ulike forvaltningsområda og tenestetilboda er rimeleg tett lokalisert.
Øya er som eit finmauska nett av større og mindre grender. Ein tenkt tur kan starte på den synste luten, Myklebust. Eit vegval til venstre fører deg til Røsok og vidare til Breivika. Du kjem til eit vegkryss, og ferda går vestover til Morsundet som er nærmaste nabo med Brunvoll. Eit par kilometers ferd mot nordaust fører deg til Steinshamn. Vel framme og du kan snu heile deg mot nordvest og du tek Kravika i augesyn. Returen på austsida av øya vil føre deg forbi Huse, så Nordheim og tilbake til utgangspunktet – ein rundtur på knapt 2 mil.
Harøyburet, som vi yndar å kalle fjell med sine 156 meter over havflata, er eit ynda turmål og ein utkiksplass mot storhavet i vest og ei fastlandsfjellrand i aust.
Både på kryss og tvers på øya er det blitt opparbeidd turstiar som vert nytta dagstøtt. Og som øyhoppande sykkelturist vil du finne imøtekomande rasteplassar med informasjonsskilt om både flora, fauna, geologi og lokalhistorie.