Du er her: Hjem > Einingar og tenester > Omsorgstenester > Heimetenester > Heimehjelp/ praktisk bistand
Heimehjelp/ praktisk bistand
Tenesta yter hjelp til eldre og funksjonshemma, etter individuell vurdering.
|
Kontakt informasjon
|
Tlf.
|
|
Heimehjelp/ praktisk bistand
|
71 27 75 82
|
|
Leiar Ann Kristin Røyset
|
71 27 75 80
|
Målgruppe
Praktisk bistand er ei fellesnemning for heimehjelp og andre hjelpetiltak for eldre, funksjonshemma, barnefamiliar og andre personar som har behov for slik hjelp. Tenesta gjeld for alle brukargrupper uansett alder og diagnose.
Siktemålet er først og fremst å yte hjelp til praktiske gjeremål i dagliglivet heime og i tilknyting til hushaldet.
Praktisk bistand vert tildelt til dei som har eit særlig hjelpebehov på grunn av sjukdom, funksjonshemming, alder eller av andre årsaker. Omfanget av tenesta vert vurdert i samsvar med krav i lova, kommunen sine ressursar og kvalitetsstandard.
Korleis gå fram?

Ein kan søkje på tenester ved å ta kontakt med Omsorgstenester, eller laste ned søknadsskjema.
Søknad vert å sende til :
Sandøy kommune
Omsorgstenester
6487 Harøy
Saksgang
Saksbehandlar hentar inn naudsynte opplysingar og vedtak blir fatta. Saksbehandlingstida er inntil tre - 3 - veker.
I kartlegginga av behov, vil vi saman med søkjar sjå på løysingar som bidreg til at han/ho i størst muleg grad kan klare å meistre kvardagen sjølv, til dømes med hjelpemidlar eller kontakt med andre avdelingar. Vedtaket kan påklagast. Du har rett til å sjå dokumenta i saka i samsvar med Forvaltningslova §§ 18 og 19. Dersom du har behov for bistand med å utforme klage, kan du få hjelp til dette av tilsette i omsorgstenester/kommunen.

Organisering
Praktisk bistand er samlokalisert i kontor med andre heimetenester i Sandøytunet. Av omsyn til helse/miljøtiltak arbeider i regelen to tilsette saman i praktisk bistand.
Betaling:
Praktisk bistand er ei teneste med graderte betalingssatsar (Fritak under 2G).
Prisar i kroner.
Prisar i kroner.
|
Abonnementpris
|
Under 2G
|
2-3G
|
3-4G
|
Over 5G
|
|
Pr. månad
|
155
|
450
|
600
|
1350
|
|
Timepris
|
Max 155
|
182
|
182
|
182
|