Heimehjelp |
|
Du kan søkje om heimehjelp dersom du treng praktisk hjelp til reingjering, handling eller personleg stell. Det er kommunen som i samarbeid med deg avgjer kva for tenester du skal få. Målet er at du skal vere i stand til å bu heime.
|
Kriterium/vilkår
Du har krav på bistand dersom du ikkje kan dra omsorg for deg sjølv eller er avhengig av praktisk eller personleg hjelp for å greie dei daglege gjeremåla. Du har eit særleg behov for hjelp på grunn av sjukdom, funksjonshemming, alder eller av andre årsaker.
|
Pris for tenesten
Dersom heimehjelparen skal bistå deg med personleg stell (toalettbesøk, å stå opp, av- og påkleding, osb.), skal tenesta vere gratis.
|
Brosjyrer, dokumentar, kart og liknande Egenandeler - oversikt fra Helse- og omsorgsdepartementet Håndbok om helse- og sosialtjenesten i kommunen
|
| Serviceerklæring |
| Regelverk |
Dette er ei lovpålagd teneste etter helse- og omsorgstenestelova. Om betaling, sjå kapittel 8 i forskrift til lov om sosiale tjenester.
Lover Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningsloven) Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester m.m. (helse- og omsorgstjenesteloven) § 3-2 - Kommunens ansvar for helse- og omsorgstjenester
Forskriftar Forskrift om egenandel for kommunale helse- og omsorgstjenester Forskrift om en verdig eldreomsorg (verdighetsgarantien) Forskrift om kvalitet i pleie- og omsorgstjenestene
Retningslinjer Rett til egen tros- og livssynsutøvelse
|
| Praktiske opplysningar |
Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta
Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje om heimehjelp, eller du kan be andre hjelpe deg dersom du har behov for det. Dersom ein annan søkjer på dine vegner, må vedkommande ha fullmakt.
|
Vedlegg
Du må leggje ved fullmakt dersom det er nokon som søkjer for deg.
|
Søknadsfrist
Inntaksnemda som tildeler tenester, har møte kvar torsdag.
|
Send søknaden til
Sandøy kommune
6487 Harøy
|
Sakshandsaming
Kommunen skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Normalt vil vi komme på heimebesøk. Deretter blir det gjort eit vedtak. Til vanleg får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein trur at du blir misnøgd med vedtaket. Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til kommunen før klagefristen for vedtaket går ut.
|
Saksbehandlingstid
Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det. Du skal samstundes få opplyst når ein ventar at vedtaket blir gjort.
|
Høve til å klage
Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal takast til følgje.
|