Heimesjukepleie |
Tenesta kan inkludere sårbehandling, pleie, medikamenthandtering, osb. Arbeidet blir gjort av sjukepleiarar eller andre helsearbeidarar. Eller andre tilsette, under rettleiing av helsepersonell. |
Målgruppe
Eldre, sjuke, funksjonshemma, o.a. |
Kriterium/vilkår
Det må liggje føre eit reelt behov for nødvendig helsehjelp i form av heimesjukepleie. |
Pris for tenesten
Tenesta er gratis.
|
| Regelverk |
Kommunen har plikt til å sørgje for denne tenesta.
Lover Helsepersonelloven Kommunehelsetjenesteloven § 1-3 Pasientrettighetsloven kap. 7
Forskriftar Forskrift om individuell plan Forskrift om kvalitet i pleie- og omsorgstjenestene
Retningslinjer Begrensninger i helsepersonells adgang til å motta gave ... (rundskriv) Rett til egen tros- og livssynsutøvelse
|
| Praktiske opplysningar |
Vedlegg Du må leggje ved ei fullmakt dersom det er ein annan som søkjer for deg.
|
Søknadsfrist Søknader blir behandla etter kvart som dei kjem inn. |
Send søknaden til Sandøy kommune
Eining for omsorgstenester
v/ inntaksnemnda for omsorgssaker
Sandøytunet
6487 Harøy |
Sakshandsaming Før saka kan bli avgjort, vil vi kartleggje ønskja og behova dine nærmare. Normalt vil vi kome på heimebesøk. Deretter blir det gjort eit vedtak. I vedtaket går det fram om du har fått tenesta eller ikkje, og kva tenesta eventuelt dekkjer. |
Saksbehandlingstid Kommunen har plikt til å behandle saka så snart som mogleg. Dersom det ikkje kan gjerast vedtak i saka innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til dette, med opplysningar om når du kan vente at det vil bli gjort eit vedtak. |
Høve til å klage
Dersom du meiner du ikkje får nødvendig helsehjelp frå kommunen, kan du etter kommunehelsetenestelova klage over dette til kommunen og deretter til Helsetilsynet i fylket. Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. I klagen må du greie ut om kva forhold det er du klagar over. Du bør beskrive kva du ønskjer endra, og grunngje dette. Kommunen vil kunne rettleie deg. Klagen blir send den instansen i kommunen som har behandla saka. Dersom kommunen held fast ved avgjerda si, blir klagen send vidare til Helsetilsynet i fylket.
Som mottakar av helsetenester kan du etter pasientrettslova også klage til Helsetilsynet på sjølve utføringa av tenesta. Klagen skal først sendast kommunen eller direkte til tenesteytaren slik at det skal vere mogleg å løyse saka på det lågaste nivået.
|