Heimesjukepleia
Kontor til heimesjukepleia er lokalisert i Sandøytunet.
Kontakt informasjon | |
Heimesjukepleia | 71 27 75 82 |
Leiar, Ann Kristin Røyset | 71 27 75 80 |
Målgruppe:
Heimesjukepleie kan gje hjelp til menneske med ulik grad av helsesvikt, til hjelp med oppfølging av helse. Det kan vere hjelp til stell, påkleding, ved måltida, medisinar, sprøyter og sårskift med vidare.
Det er ei fagleg vurdering av behovet som avgjer kor mykje og kor ofte ein får besøk. Behov for hjelp kan meldast av ein sjølv, pårørande eller etter henvising frå lege eller sjukehus.
Tenesta gjeld for alle brukargrupper uansett alder og diagnose. Omfanget av tenesta vert vurdert i samsvar med behov for hjelp, og krav i lov og forskrift.
Korleis gå fram?
Ein kan søkje på tenester, ved å ta kontakt med Omsorgstenester, eller laste ned søknadsskjema. Søknad vert å sende til :
Sandøy kommune
Omsorgstenester
6487 Harøy
Saksgang
Saksbehandlar hentar inn naudsynte opplysingar og vedtak blir fatta. Saksbehandlingstida er inntil tre - 3 - veker.
I kartlegginga av behov, vil vi saman med søkjar sjå på løysingar som bidreg til at han/ho i størst muleg grad kan klare å meistre kvardagen sjølv, til dømes med hjelpemidlar eller kontakt med andre avdelingar. Vedtaket kan påklagast. Du har rett til å sjå dokumenta i saka i samsvar med Forvaltningsloven §§ 18 og 19. Dersom du har behov for bistand med å utforme klage, kan du få hjelp til dette av tilsette i omsorgstenester/ kommunen.

Organisering
Heimesjukepleia samlokalisert i kontor med andre heimetenester i Sandøytunet. Tenesta er døgnkontinuerleg.
Betaling | |
Heimesjukepleie | Gratis |
Sårmateriell | Gratis |
Medisinar | Betalt av pasienten sjølv |