Hjelpemiddel
Formidling av hjelpemiddel er lagt til omsorgstenester. |
Kontakt informasjon
|
|
|
Hjelpemiddel ansvarleg, Kari Marie B. Møst
|
71 27 75 82
|
|
Leiar, Ann Kristin Røyset
|
71 27 75 80
|
Målgruppe:
Menneske med behov for å låne tekniske hjelpemidlar i ein avgrensa eller lengre periode, kan låne dette hos hjelpemiddeltenesta.
Tenesta har eit kommunalt lager med eit utvalgt sortiment. Dei mest vanlige hjelpemidla for kortvarig utlån er rullestol, krykker, rullator, dusjstol.
Andre hjelpemiddel vert omsøkt til hjelpemiddelsentralen i Ålesund. Hjelpemiddeltenesta kan hjelpe til med å køyre ut, hente og montere hjelpemidla til brukarar som ikkje kan utføre dette sjølve.
Korleis gå fram?
Ein kan søkje på hjelpemiddel ved å ta kontakt med ansvarleg for hjelpemiddel i kommunen, eller andre tilsette i Omsorgstenester . Hjelpemiddelsentralen har eigne søknadsskjema.
Saksgang
Tilsette i omsorgstenester, hjelpemiddelansvarleg, grunngjev søknaden og behovet for hjelpemidla, søknaden vert sendt vidare til Hjelpemiddelsentral for vidare behandling, godkjenning/ avslag. Dersom du har behov for bistand med å utforme klage på avslag, kan du få hjelp til dette av tilsette i omsorgstenester/ kommunen.
Organisering
Hjelpemiddelansvarleg arbeider for tida i heimesjukepleia og er samlokalisert i kontor med andre heimetenester i Sandøytunet.
|
Betaling
|
|
|
Utlån
|
Gratis
|
