Kommunane i nye Ålesund kommune ser det som viktig at breiband er tilgjengeleg for innbyggarane i heile kommunen. Dette er nedfelt i intensjonsavtalen for kommunesamanslåinga. Difor vil vi no søkje om midlar til breibandsutbygging, og vi ønsker konstruktive innspel frå innbyggarar, organisasjonar og verksemder i arbeidet med å levere ein god søknad.
Høyring om breibandsutbygging
Nye Ålesund skal søkje om pengar for å bygge ut breiband der dei kommersielle aktørane ikkje finn det lønsamt å byggje ut, og ønsker innspel frå innbyggarar, organisasjonar og verksemder om kva område søknaden bør omfatte. Fristen for innspel er 10. mai.