Har du ein god forretningsidè?  Eller har du starta bedrift og treng hjelp til å kome deg vidare?  Ta kontakt med vårt hoppid.no-kontor.  Dette er den naturlege plassen å starte for deg som har ein gründer i magen.  Her får du hjelp til å vurdere om forretningsideen din er noko å bygge vidare på, om det er rett for deg å starte bedrift.  Du får også hjelp til å kartlegge kva du treng for å realisere draumen din.

30.000 i støtte

Gründerar kan søke om inntil 30.000 kr (avklaringsmidlar) i støtte for å finne ut om forretningsideen er berekraftig.  Vår hoppid.no-rådgjevar har oversikt over støtteordningar, kompetanse og kan kople deg vidare til andre aktuelle gründerhjelparar.  Hoppid.no tilbyr også opplæring og kurs.  Gjennom kursa og andre møteplassar for gründerar, får du høve til å treffe likesinna og bygge nettverk.

Hoppid.no er eit lågterskeltilbod i regi av Møre og Romsdal fylkeskommune for dei som vil starte opp for seg sjølv, eller som nyleg har starta bedrift i fylket.  Med Sandøy på plass, er det no over 30 hoppid.no-kontor i Møre og Romsdal.

 

Ta kontakt

Sandøy kommune sitt hoppid.no-kontor vert drifta av Ålesund Kunnskapspark (ÅKP), som òg har same rolle for kommunane Herøy, Ulstein, Hareid, Skodje og Ålesund.  ÅKP har lang erfaring med å hjelpe gründerar og har teieplikt. 

Rådgjevar for Sandøy kommune er Arne Mehl. 

Ta kontakt på telefon 95 25 01 20 eller på epost arne.mehl@aakp.no

 

Lenkjer

Sjå www.aakp.no/nyskaping for meir informasjon.