Då anbodsfristen for levering av plasthallen gjekk ut 15. mai 2008, var det berre ei prosjektretning som gjaldt, rett fram. Planering av halltomta tok laust tidleg juni, utført av lokale entreprenørar. SL-BYGG AS, som leverandør av fundamentet, gjennomførte sitt oppdrag kjapt, utan forseinkingar. Og uti juli kom hallen i sine einskilde faktorar på om lag 8 trailerlass til anleggsområdet. Det velrenommerte finske firmaet, Besthall AS, som fekk anbodet, stod også for montering av hallen – totalt ein anleggs- og byggeperiode på 2 månader

Då hausten var blitt nokre veker gammal, stod leveranse og legging av kunstgraset for tur. Moldefirmaet Bresco var anbodsvinnar og stilte med faglege ekspertiserådgjeving til ein talrik dugnadsgjeng då matta vart lagt.

Om lag 1 år etter Inge Huse offentleggjorde hallgåva, var alt klart til ei storstilt opning av det nye aktivitets- og trivselsbidraget til lokalsamfunnet. 

Lenkjer

Video laga av Mann AV Huse

fotball.no

Bildekavalkade frå opninga her