Sandøy kommune har fleire ulike idrettsanlegg til ulike aktivitetar. Dei tre største er Harøy Stadion, I.P. Huse-hallen og Sandøyhagen. I tillegg finst det ballbingar på Finnøya, Steinshamn (Måsvikremma) og Røsok. Harøy Bogeskyttarlag har ei utandørs bane for 3D bogeskyting. Maritimt Aktivitetssenter har utstyr for kayakkpadling og segling. Bana her strekkjer seg frå Røsokvika og så langt sjøvegen set sine grenser.