Pål Gåsøy_300x385
1867
Etter fleire år med stadig meir høglydt ønskje frå stadig fleire sandøyværingar om å kunne skikke sitt eige bo, rive seg laus frå Aukra herad, bygge og utvikle ei sjølvstendig kommune, tok Paal Gåsøy vandrestaven i eiga hand. Pakka ryggsekken og la på veg til fots til kong Karl den femtande, som held hus i Stockholm, for å be om å få verifisert ei frådeling. Om det var fordi kongen vart spesielt imponert over pågangsmotet som gjorde utslaget, skal vere unemnt. Paal Gåsøy kom i alle høve stolt heimatt med signert dokument. I april 1867 vart det første kommunestyremøte i Sandøy kommune gjennomført. Som takk for innsatsen, men og på grunn av kvalifikasjonane, vart Gåsøy-Paal valt til ordførar, den første i vår kommunehistorie.
Riksgrensa_1658-1659_300x421
Ei usynleg grense
Om lag midt over Harøya går ei grense, i dag usynleg, men opp gjennom historia synleg på fleire vis.
1658. Storpolitiske hendingar som fekk konsekvensar heilt ut mot havgapet. Ein krig mellom kong Fredrik III sitt Dannmark-Noreg og Sverige, leia av kong Karl X, enda opp i Roskildefreden. Dannmark-Noreg gjekk tapande ut av konflikta og måtte avstå landområde som Bornholm, Skåne, Blekinge, Halland, Båhuslen og Trondheimslen,  som igjen medførte at nørdste delen av Harøya fall inn under Sverige, medan ei god skrittlengd over riksgrensa gjennom utmarka, førte deg over til Noreg. Svensketida varte i om lag 2 år, fram til og med 1659.
Den same grenseoppgangen vart seinare nytta til kommunegrense fram til 1965, Sandøy i nord, Haram i sør, då endra kommunestruktur plasserte grensa midtfjords mellom Fjørtofta og Harøya. Dette skiljet markerte også naboskapet mellom fogderia Romsdal og Sunnmøre, bispedøma Nidaros og Bjørgvin fram til 1983 – og sunnmørs- og romsdalsdialekta.