Ona  P 3230016
P 3230019  P 3230073
Areal: Ona 0,043 km2 - Husøya 0,398 km2
Folketal: om lag 40 fastbuande
Næringsliv: fiskeri, turisme, keramikk
 
Desse øyane, dei nørdste i nordøyrekka, er knytt saman med ei 10 meter lang steinbru, og vert oppfatta som eit og same øysamfunn.
Historisk har Ona/Husøya sitt viktigaste livsgrunnlag vore fiskeri med jordbruk som attåtnæring, men dei siste åra utvikla seg til eit turistikon.
I 1938 stod det nye bygget Ona/Husøy skule ferdig til bruk, den mest moderne i sitt slag på Nordvestlandet, og vart fylt opp av 50 håpefulle elevar i alderen 7 til 14 år. Då skuledrifta vart lagt ned i 1997, bestod den menneskelege kapitalen av 1 elev og 1 lærar.
 
Det velkjende landemerket Onafyren, ferdig som lysande vegvisar i 1867, i dag eit verna kulturminne, er ein ynda utkiksplass med utsyn i alle himmelretningane.
 
Ona-keramikken er eit innarbeidd omgrep, og dei 2 verkstadene på øya har med sine særeigne fargeval og lokalt inspirerte modellar funne si nisje.