Psykiatrisk sjukepleie 2007-02-05 Tone Gandrudbakken er tilsett som koordinator i psykisk helsearbeid i Sandøy kommune, i eining for omsorgstenester. |
||||||||||||
Målgruppe:
Psykiatrisk sjukepleie er eit tilbod til menneske med ulik grad av psykiske vanskar.
Det er ei fagleg vurdering av behovet som avgjer grad av oppfølging. Samtalar skjer som regel i den sjuke sin heim. Behov for hjelp kan meldast av ein sjølv, pårørande eller etter henvising frå lege eller sjukehus.
Tenesta gjeld uansett alder og diagnose. I høve tett oppfølging av born, nyttar ein prosjektmedarbeidar ” Betre psykisk helse for born og unge”, helsesøster, og spesialisthelsetenesta. Omfanget av tenesta vert vurdert i samsvar behov for hjelp, og krav i lov og forskrift.
Korleis gå fram? Ein kan søkje på tenester ved å ta kontakt med psykiatrisk sjukepleiar, tilsette i Omsorgstenester, eller laste ned søknadsskjema. Søknad vert å sende til :
Sandøy kommune
Omsorgstenester
6487 Harøy
Saksgang
Saksbehandlar hentar inn naudsynte opplysingar og vedtak blir fatta. Saksbehandlingstida er inntil tre - 3 - veker.
I kartlegginga av behov, vil vi saman med søkjar sjå på løysingar som bidreg til at han/ho i størst muleg grad i framtid skal kunne meistre kvardagen sjølv. Vedtaket kan påklagast. Du har rett til å sjå dokumenta i saka i samsvar med Forvaltningsloven §§ 18 og 19. Dersom du har behov for bistand med å utforme klage, kan du få hjelp til dette av tilsette i omsorgstenester/ kommunen. Organisering
Psykiatrisk sjukepleiar er samlokalisert i kontor med andre heimetenester i Sandøytunet. Psykiatrisk sjukepleiar har kontordag onsdag og torsdag, og samarbeider med heimesjukepleia ved behov for oppfølging til andre tider i veka/ døgnet.
|
||||||||||||
|
|

Tone Gandrudbakken er tilsett som koordinator i psykisk helsearbeid i Sandøy kommune, i eining for omsorgstenester.