Så bra at du vil rydde ei strand! Før du ryddar er det viktig at du har ein plan om kva de skal gjere med avfallet de har rydda, slik at avfallet blir henta, og at ÅRIM får vite kvar avfallet står. Det er ÅRIM sine renovasjonsbilar som hentar avfallet. Dei hentar avfallet på dagar bilane hentar restavfall i det aktuelle området. Sjå gjerne renovasjonskalender som viser henteruter. ÅRIM har dessverre ikkje bilar til å hente avfall på andre tidspunkt enn renovasjonsrutene.

 

Slik går de fram:

  • Registrer at de vil rydde via skjema på arim.no
  • Det er viktig at de skaffar aksjonskode slik det står forklart i skjema.
  • Det er spesielt viktig at de forklarer tydeleg kvar avfallet blir plassert. Bruk gateadresse.
  • Pass også på at avfallet ligg godt synleg og lett tilgjengeleg for renovatør.
  • Avfallet skal i sekk. Pass på at avfallet ikkje er til fare for trafikk.
  • Miljøfarleg avfall må leverast til ein miljøstasjon. Ta kontakt med ÅRIM om du finn denne type avfall.

 

Takk for at du ryddar!