Det fins to frikortordningar i Norge, ein for egenandelstak 1 og ein for egenandelstak 2. Desse gjeld for ulike tenestar. Har du fått frikort i den eine ordninga, kan du ikkje benytte det i den andre ordninga. Ordninga med frikort egenandelstak 1 er allerede autorisert, og frå nyttår blei også ordninga for frikort egenandelstak 2 automatisert.

I frikort egenandelstak 2 inngår egenandelar for:

  • undersøking og behandling ved fysioterapeut med driftstilskot eller fastlønna fysioterapeut i kommunen
  • enkelte former for tannbehandling
  • opphald ved rehabiliteringsinstutisjonar som har driftsavtale med regionalt helseforetak
  • behandlingsreiser til utlandet i regi av Oslo universitetssjukehus - Rikshospitalet

Dette er nytt frå 1. januar 2017:

  • Du får frikort egenandelstak 2 utan å søkje om det. Det kjem automatisk i posten innan 3 veker etter at egenandelstaket er nådd.
  • Egenandelstaket for frikort egenandelstak 2 for 2017 er 1990 kr.
  • Har du betalt for mykje, vert beløpet du har krav på automatisk tilbakebetalt
  • Aldersgrensa for egenandelsfritak er heva frå 12 til 16 år
  • Alle pasientar må betale egenandel for behandling ved fysioterapeut- utanom barn under 16 år og personar med yrkesskade. Dette vart vedteke av Stortinget ved behandlinga av statsbudsjettet for 2017
  • Du kan sjølv følgje med på dine egne registrerte egenandelar ved å logge inn på http://www.helsenorge.no

Frikort egenandelstak 1- nytt egenandelstak for 2017

I frikort egenandelstak 1 inngår egenandelar frå lege, psykolog, poliklinikk (sjukehus), røntgeninstitutt, passientreiser og medisinar og utstyr på blå resept. Dette frikortet får du automatisk i posten innan 3 veker når du har betalt over 2205 kr. i egenandelar i 2017.

 

Meir informasjon finn du på helsenorge.no/frikort