Ein kan få influensavaksine ved å henvende seg tl legekontoret.

 

Opne dagar for influensavaksinasjon

  • Torsdag  25.oktober        kl.12.00 - 15.00
  • Onsdag   31.oktober       kl.09.00 - 15.00
  • Torsdag  1.november     kl.09.00 – 11.00

 

Vi oppmodar om at oppsette dagar vert nytta. Ein treng ikkje bestille time.

Har ein ikkje høve desse dagane, kan ein ringe for timeavtale.

 

Tlf. Legekontoret 712 77 570                       

Influensavaksine er anbefalt til følgjande grupper:

  • Alle frå fylte 65 år
  • Bebuarar i omsorgsboligar og sjukeheimar
  • Gravide etter 12.svangerskapsveke ( 2. og 3. trimester) samt gravide i 1.trimester med anna tilleggsrisiko.
  • Born og vaksne med
    • Diabetes, type 1 og 2
    • Kronisk lungesjukdom
    • Kronisk hjarte-/karsjukdom, leversvikt eller nyresvikt
    • Kronisk nevrologisk sjukdom eller skade
    • Nedsett immunforsvar
    • Svært alvorleg fedme (BMI over 40)
    • Anna alvorleg og /eller kronisk sjukdom der influensa utgjer ein alvorleg helserisiko, etter individuell vurdering frå lege

Pris pr. vaksine: Kr. 200,-

 

Kommunelegen i Sandøy

Helsesøster i Sandøy