«Dette må eg kunne»

Sandøy kommune vil med dette invitere deg som fyller 15 år i 2019 eller eldre til eit introduksjons kurs for arbeid innan helse- og omsorgsarbeid.

Kurset er ein fleksibel opplæringsmodell som kan supplere kommunens eksisterande opplæringstilbod for vikarar og tilsette utan helsefagleg utdanning.

Dersom du ønsker å søkje vikararbeid i andre tenester i kommunen td. teknisk/barnehage vil du og ha nytte av store delar av tema som vert presentert.

 

Mål: Å sikre at alle som skal ha arbeid i kommunale helse- og omsorgstenester har eit minimum av relevant fagleg basiskunnskap.

 

Opplæringa består av 4 element                                                                          

  1. Studiehefte
  2. Undervisning om sentrale tema
  3. Praktiske øvingar
  4. Enkel heimebasert kunnskapstest     

Dei som gjennomfører dette kurset vil ha eit fortrinn med tanke på sommarjobbar i kommunen.

Påmelding skjer gjennom spørjeskjema på Google forms og er kunngjort på Sandøy kommune si heimeside og offisielle facebook side.

Kontaktperson: Tone Gandrudbakken; tone.gandrudbakken@sandoy.kommune.no

 

Lenkje til påmeldingsskjema