Dette er eit samarbeid mellom teaterfestivalen Høstscena i Ålesund, Teatret Vårt og Pantarei danseteater i Oslo. Prosjektet er ein del av eit landsomspennande danseprosjekt, Et fellesskap i bevegelse, som er finansiert av DNB og Sparebankstiftinga.

 

Arrangørane har vore i kontakt med fleire aktørar i området, blant anna NTNU, VARD, Devold, Sunnmøre hundeklubb, Møre og Romsdal fiskarlag, Jentebølgen med fleire.

 

 

Aktuelle filmstader og tidspunkt for politikarar og tilsette

 

Torsdag 7. juni klokka 09.00 – 11.00 på Harøya i Sandøy:

Kommunepolitikarar, tilsette og innbyggarar som har høve til det, møter ved Håp i havet for filming.

 

Mogleg tidspunkt: Fredag 8. juni klokka 09.00 – 11.00 i Ålesund:

Ordførarar, fellesnemnda, dei kommunerepresentantane frå dei fem kommunanene som har høve til det,  og dei tilsette som kan, møter ved dammane på byfjellet Aksla.

 

NB!

 

De tilsette som ønsker vere med og som må ta fri i arbeidstida for å delta, må ta deltakinga opp med næraste leiar i forkant for å be om fri.

 

Nye Ålesund oppfordrar dei som har fri på innspelingstidspunkta i Sandøy og Ålesund til å stille på opptaka, men det vil ikkje bli gitt kompensasjon for reise, oppmøte eller tidsbruk.

 

Praktisk informasjon

 

De må rekne med at det går med to timar til sjølve filminga.

 

De får ein instruksjonsfilm med nokre enkle dansetrinn de skal øve inn i forkant av innspillinga. Det vil vere ein instruktør til stades under sjølve innspillinga som vil vare om lag to timar.

 

Andre opptaksstader

 

I tillegg er nye Ålesund i kontakt med desse stadene for opptak:

 

6. juni:

Eidet omsorgssenter med tilsette og brukarar, Haram

Skodjebruene med barn, Skodje

Den nye brannstasjonen med tilsette, Ørskog

 

Det er ikkje sikkert at alle stadene vi forsøker å få med, blir med på filmen.

 

 

Om de lurer på korleis filmen kan bli sjåande ut, sjå på denne frå Ål:

 

https://www.facebook.com/pantareidt/videos/1656665061046389/

 

Om de eller andre har spørsmål, ta kontakt med Ingrid Bjørnsnøs Kvam, dagleg leiar i Høstscena: 415 75 259.