Jegarprøven |
|
Vil du jakte eller drive fangst, må du først ta jegerprøven. Det obligatoriske jegerprøvekurset går over 30 timar og er lagt opp med både teori og praksis. Etter at kurset er gjennomført, må du ta ein teoretisk eksamen som blir halden av kommunen.
|
Målgruppe
Personar som er 14 år eller eldre og som ønskjer å drive jakt eller fangst.
|
Kriterium/vilkår
Jegerprøven kan takast av alle som er 14 år eller eldre. Opplæringsjakt på småvilt kan skje frå fylte 14 år til fylte 16 år. (Ein treng ikkje å ha teke jegerprøven.) Opplæringsjakt på storvilt kan skje fra fylte 16 år til fylte 18 år. (Her blir det kravd at ein har klart jegerprøven, og at ein har teke skyteprøven for dei artane som det blir kravd for.)
|
Pris for tenesten
|
Brosjyrer, dokumentar, kart og liknande Direktoratet for naturforvaltning - om jegerprøven Norges Jeger- og fiskerforbund
|
Samarbeidspartnarar
Studieorganisasjonar, vanlegvis lokallaga til Norges Jeger- og Fiskerforbund.
|
| Serviceerklæring |
| Regelverk |
Forskriftar Forskrift om utøvelse av jakt og fangst
|
| Praktiske opplysningar |
Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta
Kommunen arrangerer skriftleg eksamen. Dette blir kunngjort i lokalavisa. Kursarrangør/lærar har oversikt over eksamensdatoane.
Ta kontakt med Haram kommune v/ John-Ole Aarsæther tlf. 70 20 76 34 dersom det er ønskje om å ta jegerprøva i Sandøy.
|
Send søknaden til
Sandøy kommune
6487 Harøy
|
Sakshandsaming
Kommunen sender eksamenssvara til Jegerregisteret. Når du har fullført obligatorisk kurs og klart skriftleg eksamen, skriv kommunen ut bevis for at jegerprøven er teken.
|
Høve til å klage
Du kan ikkje klage på ein eksamen du ikkje har klart. Du kan gå opp til ny eksamen utan å betale ekstra eksamensavgift.
|