atleogjohann-1000x500.jpg

IMOTs stiftere: Atle Vårvik og Johann Olav Koss var de som startet organisasjonen MOT. Her under Idrettsgallaen i 2015, hvor Vårvik vant Idrettsgallaens hederspris.NNLEGG FRÅ MOT I SANDØY I HØVE 20 ÅRS JUBILEET.

 

I dag er MOT 20 år!

Akkurat denne dagen for 20 år sidan vart MOT stifta, og tanken om å gjere ungdommar betre på å ta vare kvarandre vart sett ut i form av eit undervisningsopplegg på skulen. Dette opplegget har Sandøy kommune og Harøy skule vore ein del av i snart 11 år, med ein følelse av at ungdommane høyrer på oss og syns det vi underviser i er viktig og spennande.

 

Foreldre sin innverknad på ungdom er stor. Det viser desemberundersøkinga som vi gjennomfører på skulen før jul. Grensesetting heime har mykje å seie for ungdom sitt forhold til alkohol og andre typar rusmiddel. Der foreldre har klare grenser er det færre ungdom som har prøvd ut diverse rusmiddel/alkohol. På spørsmål om kor viktig det er for ungdom å rette seg etter foreldre eller vener si meining om, og haldning til - religion, matvanar, rusmiddel, sex, politikk og utdanning/yrke, er det klart at foreldre sitt syn veg mest. Utanom musikk og kle, der dei vel å følge sine eigne vegar og vert påverka av vener. Og det tenkjer eg er bra.

90 prosent av ungdom i Sandøy seier at dei er fornøgd med foreldra sine på same undersøkinga. Dette tyder på at ungdomane våre er opptatt av kva vi som vaksne er viktige støttespelarar på, og at vi har ei unik moglegheit til å påverke positivt og overføre gode haldningar.

Når vi i MOT besøker 8. , 9. og 10. trinn på ungdomsskulen snakkar vi mykje om respekt. Vi startar alle timar med ei ønskeliste, og der kjem elevane etter kvart automatisk opp med ordet respekt, og kva vi meiner med det. Vi skal le med kvarandre, og ikkje av, vi skal ha respekt for andre sine meiningar og det er lov å ha ein god dialog om vi ikkje alltid er like samde.

Vi snakkar og mykje om å bruke ein øvelse vi har kalt «lommelykta» på oss sjølve og på andre. Uansett kor negativ vi synest ein person er, er det noko positivt i oss alle, og at positivt fokus hjelper oss å finne ein eller fleire positive eigenskapar. Vi brukar strålen frå lykta til å lyse på kvarandre for å finne positive eigenskapar, og det er like viktig å bruke øvelsen «lommelykta» innover på oss sjølve. «Du er du og du duger», song vi på søndagsskulen då vi var små. Det er like aktuelt i dag, i alle samanhengar. Vi gjer vårt beste, og alle dagar kan ikkje vere like topp.

Praten «rundt middagsbordet» er viktig for korleis vi omtalar oss sjølve og andre. Kva signal gjev vi når vi snakkar om dagen vi har hatt i dag? Korleis omtalar vi medelevar, andre foreldre, lærarar, kollegaer og politikarar? Vi er barn og unge sine forbilde også på måten vi snakkar om kvarandre. Praten rundt middagsbordet har i dag også fått eit vidare omgrep, med kva vi skriv for eksempel på nett. Vi er ofte vener med eigne barn og deira vener på Facebook. Barn og unge er i dag mykje meir inkludert i dei vaksne sitt liv og dei får mykje meir med seg om kva vi tenker og meiner om ting, enn i tidlegare generasjonar. Nettvett gjeld for alle aldrar.

Vi har ein flott gjeng ungdomar rundt oss, vi er heldige som får bruke tid på å bli kjent med dei. Vi har ei klar oppmoding til foreldre og besteforeldre om å snakke med ungdomen i «fredstid». Då er relasjonane mykje betre til den dagen vi får ei utfordring- og den dagen kjem til dei fleste av oss, anten vi er barn, ungdom eller vaksne. Vi har mykje å lære både av og til ungdom. Vi har ungdom med gode tankar og meiningar om korleis vi tek vare på miljø, klima, dyr og menneske. Vi må berre ta oss tid til å høyre kva dei har å seie.

Sandøy kommune er eit Lokalsamfunn med MOT, som handlar om å ha mot til å seie nei, mot til å leve og mot til å bry seg. Vi har eit veldig godt samarbeid med idrettslag, skule og kommuneadministrasjonen, som alltid tek godt imot oss og ungdommane har stor kjensle av å verte tekne på alvor og høyrde- ikkje minst på grunn av ungdommens kommunestyre.

Vi i MOT-teamet i Sandøy vil ønske alle ungdomar og vaksne lykke til med 2017,med gode haldningar og respekt for kvarandre.

 

Mvh

Janne Sandøy

MOT koordinator i Sandøy kommune.