I samband med at Sandøy kommunestyre har gjort vedtak om å busette flyktningar i kommunen dei neste åra, vil vi samle relevant informasjon og dokument i saka på eit eige område her på heimesida.

Eit av dokumenta som vert lagt ut no, er ei henvending til private huseigarar for å karlegge om nokon kan ha ledige bustader å leige ut til kommunen.

 

Arbeidet er organisert som eit prosjekt fram til 1. september 2016, etter den tid er planen å sluse prosjektet i ordinær drift.

 

Kontaktinformasjon:

Lodvar Espeland

tlf.: 712 77 500 / 712 77 517 (direkte)

lodvar.espeland@sandoy.kommune.no