Kontakt:

Frå 1.1.2017 er det Ålesund Kunnskapspark (ÅKP) som forvaltar fondet på vegne av Sandøy kommune gjennom Hoppid.no-kontoret. 

Rådgjevar for Sandøy kommune er Arne Mehl. 

Ta kontakt på telefon 95 25 01 20 eller på e-post arne.mehl@aakp.no.

Sjå heimesida www.aakp.no/nyskaping for meir informasjon.

 

Kva kan du søkje om?

Kommunale næringsfond kan brukast både til bedriftsretta tiltak, og til tilretteleggjande tiltak i regi av kommunen eller andre organisasjonar.  Det kan berre gjevast støtte til tidsavgrensa utviklingsprosjekt.

  • Bedrifstretta tiltak:  Det kan gjevast støtte til bedrifter og nyetablerarar.  Tiltak kan vere investering i utstyr og maskiner, støtte til profilering/merkevarebygging, produktutvikling, kompetansehevingstiltak, kurs/seminar, marknadsundersøking, bedriftsutvikling, rådgjeving, nettverksbygging eller liknande.
  • Inntil 50% investeringstilskot

Korleis søkje?

Alle type søknader til næringsfondet skal vere skriftlege og registrerast elektronisk via http://www.regionalforvaltning.no/

Før du søkjer bør du lese Retningsliner for kommunale næringsfond (vedtekne av Regional- og næringsutvalet 14.03.2017)

 

Følgjande tilleggsinformasjon er også påkrevd:

  • Bedriftsretta tiltak – nyetablering: Søkjar må levere skriftleg søknad med vedlagt forretningsplan
  • Bedriftsretta tiltak – vidareutvikling av eksisterande verksemd: Same retningsliner som for støtte til nyetablering, men sakshandsamar kan vise skjøn i høve til kva som er naudsynt prosedyre og bakgrunnsinformasjon for ein søknad frå ei eksisterande verksemd.