Alle som stemmer ved valet i 2019 skal velje representantar til kommunestyret i nye Ålesund kommune som trer i kraft 1. januar 2020.

Om valet

Det skal veljast 77 representantar frå dei forskjellige partia inn i det nye kommunestyret.

Fellesnemnda, som er politikarar frå kvar av kommunane, skal legge til rette for drifta av den nye kommunen. Nemnda har bestemt at det skal vere 14 valkrinsar ved valet i 2019.

valsidene til nye Ålesund får du svar på:

  • kvar det er stemmestader i dei forskjellige valkrinsane
  • kven som sit i valstyret
  • når og korleis du kan førehandsstemme og tidlegstemme
  • kvar og når du kan stemme på sjølve valdagen
  • ofte stilte spørsmål om val

Les meir om valet 2019 på nye Ålesund si nettside.

Foto: Ståle Wattø, Sunnmørsposten