KORLEIS TA SEG FRAM TIL SANDØY KOMMUNE
Sandøy kommune er omfløydd og dermed ferje- og passasjerbåtavhengig. Du kan kome deg til kommunen frå tre utgangspunkt:
a) Rute 22, med ferje frå Brattvåg/Haram, Ålesund som nærmaste by
For å få oversikt over rutetidene, avgang og ankomst, kan du gå inn på Fjord 1 si heimeside, og finn sambandet Brattvåg-Dryna-Fjørtofta-Harøya. Klikk her.... , M/F Harøy
b) Rute 32, med ferje frå Småge/Aukra, Molde som nærmaste by
For å få oversikt over rutetidene, avgang og ankomst, kan du gå inn på Fjord 1 si heimeside, og finn sambandet Småge-Orta-Finnøya-Sandøya-Ona. Klikk her.... M/F Midøy
c) Hurtigbåt, Ålesund - Nordøyane
Tide har teke over drifta av hurtigbåten mellom Ålesund og Nordøyane frå 01.01.2009. Her er linken til deira heimeside og du kan der laste ned rutetidene for denne hurtigbåten. Klikk her....
BUSSRUTER
Det går bussruter frå Ålesund og Molde som korresponderer med ferjeavgangar til kommunen vår. Og busstransport frå ferjeleiet på Finnøya eller Myklebust til det endelege,lokale reisemåle er eit veleigna alternativ.
Rutetabell frå Molde, klikk her. og gå inn på rute 15-341. Rutetabell frå Ålesund, klikk her og gå inn på rute 15-274. For å få oversikt over ruteoppsettet på Harøya/Finnøya klikkar du her og finn rute 15-273
SJØDROSJA "STØRKÅ"
Dersom desse transportalternativa ikkje høver, er det muleg å leige sjødrosja STØRKÅ, ein passasjerbåt som er sertifisert for 8 reisande.
Ring 91 51 05 53 for avtale.
LANDDROSJA NYE HARØY-TAXI
Når du er vel komen over fjorden, er billaus og treng landbasert transport, kan HARØY-TAXI bringe deg raskt og greitt til destinasjonen din.
Ring 993 32 062.
FLYRUTER
Sandøy kommune har ingen flyplass, men Ålesund og Molde har. Ved å gå inn på SAS BRAATHEN si heimeside, klikke på Rutetabell, Klikk her...legge inn dei nødvendige opplysninga i tidstabellen, vil du få fram alternativa du treng for transportere deg raskt til distriktet og Sandøy kommune.
VEGNETTET
Om du er langvegsfarande og skal ta deg fram langs vegnettet med bil, kan Statens vegvesen hjelpe deg med kart og den kortaste strekninga ved å klikke her.....
