Hopp til hovedinnholdet på siden Hopp til nettstedskarta Hopp til kontaktinformasjon
Bile av Harøy med hav og fjell i bakgrunnen
Du er her: Hjem > Tenestekatalog > Tenester A-Å

Konfliktråd

Konfliktrådet har til oppgåve å mekle i konfliktar som oppstår på grunn av at éin eller fleire personar har påført andre ein skade, eit tap e.l. Partane skal sjølve aktivt bidra til å finne ei løysing. Døme på saker som kan behandlast i konfliktrådet, er nabo- og familiekonfliktar og mindre alvorlege lovbrot.

Konfliktrådet skal vere eit alternativ til tradisjonelle straffereaksjonar. Ved å mekle kan konfliktrådet hindre at konfliktar eskalerer og endar i lovbrot.

Kriterium/vilkår

Mekling i konfliktrådet krev samtykke frå begge partane. Partane må møte personleg i meklingsmøtet. Ein kan ikkje ha med deg ein fullmektig, men konfliktrådet kan tillate at partane får bistand frå andre støttepersonar.

Pris for tenesten

Tenesta er gratis.


Brosjyrer, dokumentar, kart og liknande
Samarbeidspartnarar

22 konfliktråd dekkjer alle kommunane i landet. Sekretariatet for konfliktråda har ansvaret for drift og fagleg utvikling av konfliktråda. Konfliktråda samarbeider med kommunane om å nemne opp meklarar. Konfliktråda samarbeider elles med

  • lensmanns- og politietaten
  • kriminalomsorgsetaten
  • domstolane
  • andre lokale etatar som skule og barnevern
Serviceerklæring
Regelverk
Sandøy kommune høyrer til under Konfliktrådet i Nordmøre og Romsdal

Lover
Lov om megling i konfliktråd (konfliktrådsloven)

Forskriftar
Forskrift om megling i konfliktråd
Praktiske opplysningar
Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta

Du kan ta direkte kontakt med konfliktrådet anten ved telefon, brev, e-post eller ved personleg oppmøte.

epostadresse: nordmoreogromsdal@konfliktraadet.no
Send søknaden til

Konfliktrådet for Nordmøre og Romsdal

Storgt. 43

6508 Kristiansund

Sakshandsaming

Konfliktrådsleiaren vil vurdere om saka di passar for mekling. Konfliktrådet hjelper med å innhente samtykke til mekling frå andre konfliktpartar. Meklingsmøtet blir normalt gjennomført med éin mekler til stades. Meklaren avgjer om den avtalen partane kjem fram til, skal godkjennast.

Saksbehandlingstid

Konfliktrådet har ein gjennomsnittleg saksbehandlingstid på ca. 35 dagar (frå da du tok kontakt til saka er ferdig mekla).

Høve til å klage

Det er partane sjølve som kjem fram til ei løysing i form av ein avtale. Det er derfor ikkje høve til å klage til konfliktrådet på innhaldet i avtalen. I straffesaker har du ei angrefrist på éi veke. I sivile saker kan partane sjølve avtale ei angrefrist. Du kan klage på vedtak om at konfliktrådet avviser ei sak eller nektar å godkjenne ei avtale innan ei frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klagen må rettast til konfliktrådet. Før opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Klageinstans er Sekretariatet for konfliktråda.