Hopp til hovedinnholdet på siden Hopp til nettstedskarta Hopp til kontaktinformasjon
Bile av Harøy med hav og fjell i bakgrunnen
Du er her: Hjem > Einingar og tenester > Omsorgstenester > Heimetenester > Kreftsjukepleiar

Kreftsjukepleiar

omsorghender( 1)  Bodil Søholt er tilsett i 25% stilling som kreftsjukepleiar, og har heile kommunen som arbeidsfelt.
 

Kontakt informasjon
 
Kreft sjukepleiar, Bodil Søholt
71 27 75 83
Leiar, Ann Kristin Røyset
71 27 75 80

 
Målgruppe:
Kreftsjukepleie er eit tilbod til pasientar og pårørande med kreftsjukdom.
Det er eit lågterskel tilbod. Samtalar skjer som regel i den sjuke sin heim. Behov for hjelp kan meldast av ein sjølv, pårørande eller etter henvising frå lege eller sjukehus. 
Tenesta gjeld uansett alder og kreftdiagnose. Omfanget av tenesta vert vurdert i samsvar med behov for hjelp, og krav i lov og forskrift.

Korleis gå fram?
Ein kan søkje på tenester ved å ta kontakt med kreftsjukepleiar, tilsette i Omsorgstenester, eller laste ned søknadsskjema. Søknad vert å sende til :
 
 
Sandøy kommune
Omsorgstenester
6487 Harøy
 
Saksgang
Saksbehandlar hentar inn naudsynte opplysingar og vedtak blir fatta. Saksbehandlingstida er inntil tre - 3 - veker.
Vedtaket kan påklagast. Du har rett til å sjå dokumenta i saka i samsvar med Forvaltningsloven §§ 18 og 19. Dersom du har behov for bistand med å utforme klage, kan du få hjelp til dette av tilsette i omsorgstenester/ kommunen.
 
Organisering
Kreftsjukepleiar er lokalisert i kontor med andre heimetenester i Sandøytunet. Kreftsjukepleiar har ikkje fast kontordag, og samarbeider tett med andre avdelingar i kommunen. Sandøy kommune arbeider med å styrkje tenester knytt til lindrande behandling.

 
Betaling
 
Kreft sjukepleiar
Gratis
Medisinar
Betalt av pasienten sjølv