Du kan vere utsett for ulike former for vald frå tidlegare eller noverande partner, sambuar, kone, mann, barn og barnebarn eller andre.

Tilbodet for kvinner og menn er lagt til to ulike stader. Det blir gitt tilbod om midlertidig butilbod (åleine eller saman med barn), hjelp og samtalar, og dei gir rådgiving på dagtid.

Begge tilboda er gratis og lavterskeltilbod, og for alle nasjonalitetar.

Du tek direkte kontakt og treng ikkje tilvising eller timeavtale. Dei svarer og kan gi råd på telefonen heile døgnet.

Telefon:         

Menn 90 70 74 33

Kvinner 70 16 33 33 eller 94 53 99 45

 

Lenkjer

Krisesenteret for Sunnmøre har eigne nettsider.

Lov om kommunale krisesentertilbod (krisesenterlova) 

Nasjonal nettportal om vald i nære relasjonar og valdtekt - dinutvei.no