Område BK1 er regulert for å kunne byggje ei større bustadblokk, og er på 6,37 daa.

I prisane er opparbeiding av veg, vatn og avløp inkludert. Oppmålingsgebyr og tilknytingsgebyr for vatn og avløp kjem i tillegg, til ein kvar tid gjeldande satsar. Kommunen tek atterhald om at vedteke budsjett for bustadfeltet må halde for at prosjektet kan realiserast.

 

Kommunale salsvilkår for tomter vedteke i Sandøy kommunestyre den 24.06.03 sak.nr.23/03 gjeldande frå 24.06.2003, skal følgjast.

Salsvilkår

Føresegner

Reguleringskart

 

Tomtene blir selt etter prinsippet om «først til mølla» der den som er først ute, og oppfyller dei kommunale salsvilkåra, får kjøpe tomta. Førespurnad om kjøp av tomt skal sendast med e-post til post@sandoy.kommune.no.

 

Kommunen startar registrering av henvendingar 13 april 2018.

Merk at henvendingar sendt før 13 april 2018 må sendast på nytt.

Viss fleire sender henvending om same tomt på same dag blir det loddtrekning.

 

Meir informasjon- kommunale tomter