Kunnskapsprøven - alkohollova |
|
Kunnskapsprøven er obligatorisk for styrarar og avløysarar i verksemder som har eller søkjer om allmenn sals- eller skjenkeløyve for alkohol på fast basis.
|
Målgruppe
Styrarar og avløysarar i verksemder som har eller søkjer om sals- eller skjenkeløyve.
|
Kriterium/vilkår
Kunnskapsprøven om alkohollova er ein fleirvalsprøve. Du vil få 45 minutt til å svare på prøven. For å ha stått i prøven, må 16 av 21 svar vere riktige.
|
Pris for tenesten
Før du tar prøven, må du betale inn eit gebyr på kr 300,-. Prøven kan du ta fleire gonger dersom du ikkje står. Du må betale gebyr for kvar oppmelding.
|
Brosjyrer, dokumentar, kart og liknande Kunnskapsprøven - informasjon fra Helsedirektoratet
|
| Serviceerklæring |
| Regelverk |
Forskriftar Alkoholforskriften kap. 5
|
| Praktiske opplysningar |
Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta
Kommunen vil leggje til rette for at du kan ta kunnskapsprøven. Opplysningar om kunnskapskrav til kunnskapsprøven og søknadsskjema får du i kommunen. Du må ta med gyldig legitimasjon når du møter opp for å ta prøven.
|
Vedlegg
Legitimasjon
|
Sakshandsaming
Når du har stått til kunnskapsprøven, skriv kommunen ut eit bevis.
|
Saksbehandlingstid
Kommunen skal halde prøven innan to månader etter at han har fått melding om at du ønskjer å ta prøven.
|
Høve til å klage
Du kan ikkje klage, men du kan ta prøven om att.
|