Hopp til hovedinnholdet på siden Hopp til nettstedskarta Hopp til kontaktinformasjon
Bile av Harøy med hav og fjell i bakgrunnen
Du er her: Hjem > Tenestekatalog > Tenester A-Å

Kunnskapsprøven - alkohollova

Styrarar og avløysarar for sals- og skjenkjeløyve må ha dokumentert kunnskap om alkohollova. Dette kravet blir oppfylt ved at du står til kunnskapsprøven. Løyvemyndigheita skal halde prøven innan to månader etter at ho har motteke melding om at du ønskjer å avleggje prøven. Personar som har tilknytting til ei verksemd med statleg skjenkjeløyve (skip, tog, fly, befalsmesser i forsvaret), kontaktar Fylkesmannen.

Kunnskapsprøven i alkohollova er ein fleirvalsprøve med eit tilfeldig uttrekk av spørsmål frå ein database. Du kan ta prøven elektronisk eller papirbasert. Du vil få 60 minutt til å svare på prøven. Gjennomfører du prøven på papir, får du i tillegg 10 minutt får å ferdigstille oppgåva. For å ha stått i prøven må 24 av 30 svar vere rette.

Ta med gyldig legitimasjon.

Målgruppe

Styrarar og avløysarar i verksemder som har eller søkjer om sals- eller skjenkjeløyve

Pris for tenesten

Før du tar prøven, må du betale inn eit gebyr på kr 300,-. Prøven kan du ta fleire gonger dersom du ikkje står. Du må betale gebyr for kvar oppmelding.


Brosjyrer, dokumentar, kart og liknande
Kunnskapsprøven - elektronisk
Kunnskapsprøven - informasjon fra Helsedirektoratet
Serviceerklæring
Regelverk

Forskriftar
Forskrift om omsetning av alkoholholdig drikk mv. (alkoholforskriften) kap. 5 Kunnskapsprøve
Praktiske opplysningar