1.Kva er ei krise?
Katastrofar, alvorlege ulykker og svikt i samfunnsviktige funksjonar avslører ofte at samfunnet ikkje er godt nok førebudd på å handtere vanskelege situasjonar tilfredsstillande. Sjølv mindre hendingar resulterer ofte i vesentlege tap for menneske eller verksemder og skade på miljøet. Med enkle midlar vil ein kunne unngå mange slike situasjonar.
2. Kommunen si rolle ved krise
Eksempel på kva kommunen kan få ansvaret for å handtere i ein krisesituasjon:
- Halde kontakt med Politidistriktet sin operasjonssentral eller stad, eventuelt skadestadsleiinga, dersom ikkje LRS er etablert.
- Ta hand om skadde personar
- Omsorg for personar som har vore utsett for større påkjenningar
- Evakuering av personar frå utsette område
- Innkvartering av evakuerte, skadde og/eller redningsmannskap
- Forpleining eller anna forsyningsstøtte
- Sikre helsemessig trygge næringsmidlar og drikkevatn
- Rette opp skadar på kommunikasjon og andre anlegg
- Opprydding, oppreinsking, avfallsdeponering og annan innsats for å verne miljøet
- Vern om kulturelle verdiar
- Treffe vedtak om tiltak for å hindre/redusere skadar på personar, miljø og materielle verdiar
- Utarbeide og sende ut informasjon til innbyggjarane og media.
- Gi rapport om situasjonen i kommunen til fylkesmannen.