Kurset er basert på Aldring og Helse (nasjonal kompetanseteneste) sitt introduksjonskurs i helse- og omsorgsarbeid, og er ein del av rekrutteringsarbeidet til Sandøy kommune.

Helse- og omsorgstenesta i kommunen er ansvarleg for gjennomføringa, og hovudvekta av tema er helserelaterte. Vi har likevel lagt opp kurset slik at det skal vere relevant for dei som ønskjer å søkje sommarjobb/ ekstrajobb i andre einingar som oppvekst -og kultur og tekniske tenester.

Kurset vert arrangert annankvart år og er gratis for deltakarane. Kommunen ser på dette kurset som eit viktig rekrutteringsarbeid.

I år var det totalt 21 deltakarar, i hovudsak ungdom frå 15 år, men eldre ungdom og vaksne deltok også.

 

Tema: Brannvern, førstehjelp, forventningar og rettar i arbeidslivet, hygiene, reinhald og orden, teieplikt, sjukdomslære, tvang og makt, demens, kommunikasjon, arbeid i barnehagen, arbeid i teknisk og så vidare.


I undervisninga vert det brukt lokale krefter som helsesøster, reinhaldspersonell, barnehagelærarar, brannmannskap, lege, helsefagarbeidarar/ sjukepleiarar, ambulansepersonell, fysioterapeut m.m.

 

På vår facebook side kan de sjå fleire bileter.