100% lærarstilling, vikariat ut skuleåret, snarleg oppstart.

Mulegheiter for forlenging.

Ynskja kvalifikasjonar:

  • Formell godkjent lærarutdanning, frå høgskule eller gjennom universitetsfag og praktisk pedagogisk utdanning.
  • Det er ønskeleg med faga tysk, engelsk, norsk og matematikk, men andre fagkombinasjonar kan vere aktuelle.

Du er trygg på bruk av IKT i eige arbeid og undervisning.

Du arbeider systematisk med klassemiljø, og forstår samanhengen mellom det og god læring.

Personlege eigenskapar:

  • Du beherskar norsk godt skriftleg og munnleg
  • Du kommuniserer godt og har evne til å etablere gode relasjonar.
  • Du har gode samarbeidsevner.
  • Du er fleksibel.
  • Du ønskjer å bidra til å utvikle ein moderne skule.
  • Er personleg egna for jobben.

 

Vi kan tilby:

-  Lønn og pensjon etter gjeldande tariffavtalar.

-  Ein skule i utvikling som fokuserer på teamarbeid.

-  Bustad

 

Det vert stilt krav om godkjent politiattest for tilsettinga.

 

Søknad sendast: post@sandoy.kommune.no eller per post til
Sandøy kommune, Austrevegen 15, 6547 HARØY.
 

Ved spørsmål om stillinga kontakt einingsleiar Anita Øen tlf. 450 12 242