100 % fast stilling ledig for oppstart 01.01.20.

Vi søkjer deg som har lyst å ta fatt i stillinga som arbeidsleiar ved innbyggartorget i Steinshamn, i nye Ålesund kommune.   

Innbyggartorga skal vere eit treffpunkt for innbyggarar, organisasjonar, næringsliv og kommune.
Desse nyetablerte møteplassane skal både vere ein arena for innbyggarretta tenester og service, og ein arena for å utvikle lokalmiljøet og nærdemokratiet. Innbyggartorga samordnar ulike tenester som frivilligsentral, bibliotek, servicetorg og folkehelseaktivitetar. Det vil og bli arbeidd for å utvikle ein digital møteplass mellom innbyggarar og kommune.  

Innbyggartorga vil bli lokalisert i dei noverande rådhusa/kommunehusa i Haram, Skodje, Sandøy, Ørskog og Ålesund.     

På alle nivå i nye Ålesund arbeidar vi med utgangspunkt i dei vedtekne verdiane; open - engasjert - modig. 

For fullstendig utlysingstekst og øsnka kvalifikasjoner; sjå lenkje:

https://4135624152.webcruiter.no/Main/Recruit/Public/4135624734?language=NN&link_source_id=0

 

Søknadsfrist: 20.10.2019