LEDIGE STILLINGAR SOM BRANNMANSKAP I SANDØY BRANNVESEN

     

Sandøy brannvesen har to ledige deltidsstillingar som brannkonstabel/ røykdykkar på Harøya. Kvar stilling utgjer 2,2 % av heil stilling (43 timar pr.år). Stillinga lønnast etter gjeldande tariffavtale. Det er generell beredskapsplikt med bæring av tetra-radio, som gjev eitt tillegg på 22 000.- pr.år.
Det er krav om å skrive under på erklæring om teieplikt.

Søkjarane må innhente samtykke frå hovudarbeidsgjevar som tillét at arbeidstakaren forlét sitt arbeid ved utrykkingar i brannvesenet.

Dei som blir tilsett er forplikta til å gjennomføre dei påkravde kursa og opplæringa som stillinga krev. Tilfredsstillande helseattest og utvida politiattest må kunne leggjast fram ved tilbod om jobb.

I tillegg må vedkomande vere i god fysisk form med tanke på test som røykdykkar.

 

Krav til stillingane:

·         Førarkort klasse B

·         Disponerer bil

 

Ønska kvalifikasjonar for stillingar:

·         Er tilsett med dagtid hjå hovudarbeidsgjevar

·         Tilfredsstiller krav til innsatstid

·         Har førarkort klasse C og BE

·         Har bestått vidaregåande skule med fag/svennebrev eller anna relevant utdanning

·         Tilfredsstiller medisinske testkrav for røyk-/kjemikaliedykkar (god fysikk)

·         Kan symje

·         Gode samarbeidsevner, løysingsorientert og ha ei sørvisretta haldning

·         Innsatsvilje, vere fleksibel og ansvarsbevisst

·         Evne til å takle stort arbeidspress i periodar

·         Tenkje sikkerheit

 

 

Søkjarar må ha avklart sitt høve til vernepliktsverket/ førstegongsteneste. Før tilsetjing blir aktuelle kandidatar sendt til bedriftshelsetenesta for ei målretta helseundersøking og det må kunne dokumenterast plettfri vandel gjennom politiattest. Aktuelle kandidatar må i tillegg gjennomføre fysisk test m.m før tilsetjing.

 

Vi søkjer særleg yngre personar, og kvinner vert oppfordra til å søkje.

                           

                                               Ta kontakt for meir informasjon:

                                      Brannsjef Kim-Andrè Breivik mob. 977 66 771

                            eller utrykkingsleiar Gerhard Strand Fitje mob. 412 63 455

        

Søknad med CV sendast til post@sandoy.kommune.no eller

Sandøy kommune, Austrevegen 15, 6487 Harøy
 

Det er ikkje sett søknadsfrist, søknader vurderast fortløpande.