Sandøy kommune søkjer etter reinhaldar i 60% stilling i perioden 13.5.2019 – 1.1.2020, og tilkallingsvikarar innan reinhald.

Vi søkjer etter medarbeidarar som har erfaring innan reinhald, og som har evne til å arbeide sjølvstendig og fleksibelt. Reinhaldet vil i hovudsak foregå på dagtid, og er organisert under avdeling tekniske tenester.

Den som får tilbod om stilling må legge fram politiattest og signere erklæring om teieplikt.
 
Arbeidet vil kunne variere mellom ulike bygg i kommunen.

Vi ønsker at du har følgjande kvalifikasjonar:
- du har fagbrev innan området og/eller lang erfaring frå reinhald i større bygg
- du er omgjengeleg
- gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
- du har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- tek imot rettleiing
- du har evne til å arbeide sjølvstendig og fleksibelt

Sandøy kommune tilbyr:
- Varierte arbeidsoppgåver
- Pensjonsordning i KLP
- løn etter gjeldande tariff

I medhald av hovudtariffavtalen  kap. 1 § 2 og AML § 14-3, har fast deltidstilsette fortrinnsrett til auka stilling. Fortrinnsretten er likevel betinga av at vedkomande er kvalifisert til stillinga.

1/60% vikariat reinhald - tidsavgrensa engasjement i perioden 13.5.2019 – 1.1.2020 (Stillingsstorleiken kan bli endra dersom førre punkt vert gjort gjeldande for deler av vikariatet).

3/0         tilkallingsvikar reinhald

Vi be om at de opplyser i søknaden kva stilling de søkjer på, og om de ynskjer å verte tilkallingsvikar om de ikkje skulle få tilbod om den tidsavgrensa stillinga. Har du spørsmål om stillingane, ta kontakt med
leiar for tekniske tenester Kim Andrè Breivik tlf. 977 66 771

SØKNADSFRIST  10.4.2019

Søknad med CV og kopi av vitnemål og attestar sendast  til:
post@sandoy.kommune.no eller
Sandøy kommune, Austrevegen 15, 6487 Harøy