Kommunevåpen

Sandøy kommune har ca.1240 innbyggjarar fordelt på 6 øyar, der Harøya er den største, med Steinshamn som kommunesenter. Kommune har om lag 170 tilsette (130 årsverk). Tenester er lokalisert i Sandøytunet. Fokus er tenester der folk bur, og at vi har ein god plass å bu, arbeide og besøke.

Sandøy har gjort vedtak om å danne nye Ålesund kommune saman med Haram, Skodje, Ørskog og Ålesund frå 1.1.2020. Det nye omsorgsdistriktet vil få namnet Sandøy og Nordøyane omsorgsdistrikt.

I 2022 er fastlandssambandet Nordøyvegen forventa ferdigstilt, og Harøya og Finnøya får fastlandssamband.

I helse- og omsorgstensta har vi ledig følgjande stillingar.

FAST STILLING

  1. Sjukepleiar 2x 100% fast stilling i 3- delt arbeidsplan
  • Arbeidsstad pt. Korttid og rehabiliteringsavdelinga
  • Oppstart 1.12.2019, eller tidlegare etter avtale

Søknadsfrist: 15.10.2020

Lønn etter gjeldande tariff med start på 10 års ansiennitet; kr. 500 000.

Arbeidsoppgåver vil mellom anna være:

  • Pleie og omsorg
  • Ved interesse kan du inngå i team « Aktutt hjelperen» som er samarbeidstiltak brann, redning, helse
  • Medisinsk behandling, her og multidoseadministrasjon
  • Kartlegging og motivering/ bruk av velferdsteknologiske løysingar
  • Delta i tverrfagleg helseteam, samvirke med beredskap i kommunen, arbeid- initiere og delta i utviklingsarbeid
  • Å utarbeide tiltaksplanar og evaluere desse i EPJ( Gerica/ Visma profil)
  • For sjukepleiarar inngå i vaktsamarbeid i sjukepleiegruppa etter opplæring
  • Være primærkontakt for utval av pasientar, følgje opp samarbeid med pårørande

Kvalifikasjonar

  • Søkjar må legge ved helsepersonellnummer som stadfestar autorisasjon
  • Søkjar må ha gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg
  • Søkjar må kunne arbeide sjølvstendig og i team
  • Ved tilbod om stilling  må det framleggast tilfredsstillande politi-, MRSA-, og tuberkulinattestar
  • Søkjar må ha førarkort for personbil(B)

 

Personlege eigenskapar

  • Vi søkjer sjukepleiar med interesse for teamarbeid, som evnar å være med i ulike endringsprosessar
  • Vi leiter etter ein person som trivst i møte med utfordringar, som har gode samarbeidsevner og som held seg fagleg oppdatert
  • Personleg egnethet for stillinga blir vektlagt

 

Vi tilbyr

  • Varierande og utfordrande arbeidsoppgåver
  • Det vil bli høve til fagleg utvikling individuelt og saman med gode kollega
  • Lønn etter gjeldande tariff med start på 10 års ansiennitet, kr. 500 000
  • Opplæring i stillingane vert gitt som e- læring og med rettleiar for daglege oppgåver

 

Søknadsfrist: 15.10.2020

 

Dersom interne kvalifiserte søkjarar vil andre stillingar bli ledig, og det vil bli tilsett frå same søkjarliste.

 

Kontaktperson:

Ann Kristin Røyset

Einingsleiar helse- og omsorgstenester

Ann.kristin.royset @sandoy.kommune.no

Mob. 922 67 952

 

Søknad vert å sende til:

post@sandoy.kommune.no

Sandøy kommune

Austrevegen 15

6487 Harøy