Leiinga skal:

1)   sørgje for at kommunen når sine mål

2)   ta ansvar for å utvikle kommunen sine oppgåver og tenester i eit framtidsperspektiv

3)   vere effektiv, fleksibel, brukar- og endringsorientert

4)   ta ansvar for eiga fagleg og personleg utvikling

5)   ha fokus på medverknad, samhandling og samarbeid

6)   gi mynde og ansvar til medarbeidarane og etterspørje resultat og måloppnåing

7)   nyttegjere den enkelte sin kompetanse både fagleg og menneskeleg

8)   sjå, ivareta og respektere kvar enkelt medarbeidar

9)   legge til rette for at vi får ein organisasjon der alle har tru på det vi gjer og har evne og vilje til endring og  utvikling

 

Tilsette:

1)   arbeider aktivt for at kommunen skal nå sine mål

2)   legg vekt på å utføre og vidareutvikle gode tenester

3)   tek ansvar, er effektive, fleksible, brukar- og endringsorienterte

4)   nyttar sine ressursar, sin energi, og kreativitet til det beste for arbeidsoppgåvene, arbeidsmiljøet og kollegaene

5)   tek ansvar for si eiga faglege og personlege utvikling