JYAAAAASUVORK 5CYII=

 

Åtte av dei ti stabs- og kommunalsjefane er på plass. To stillingar blir utlyste i oktober.

Den interne prosessen med å innplassere/tilsette i kommunal- og stabssjefstillingane er no avslutta. Gjennom eit omfattande arbeid som er utført i tett samarbeid med tillitsvalde og firmaet Yapril, er åtte av dei ti framtidige leiarstillingane besette med dyktige leiarar rekruttert gjennom den interne prosessen som har vore i dei fem kommunane.  

To av stillingane blei ikkje besette og vil dermed bli lyst ut eksternt. Dette er kommunalsjefstillinga for barn, familie og integrering og stabssjefstillinga for teknologi og digitalisering. Det er også gjort tilsetting i den nyoppretta stillinga som assisterande rådmann.

 

 

Oversikt over tilsette leiarar

 

B 7ziFVhhzr 4mAAAAAElFTkSuQmCC

Ass. rådmann – Bente Glomset Vikhagen, 45 år

Vikhagen er i dag rådmann i Skodje kommune og har hatt denne stillinga sidan 2014.  Ho er også ass. prosjektleiar i nye Ålesund. Før ho blei rådmann var ho ass. rådmann i 2 år, og kontorsjef i 1 ½ år.  Ho har også vore einingsleiar for barnehage i 6 år.  Anna leiarerfaring som styrar for ein privat barnehage i Trondheim i 3 år.

Bente Glomset Vikhagen har master i samfunnsplanlegging og leiing frå Høgskulen i Volda, 2012.  Ho har også bachelor som førskolelærar frå Høgskulen i Volda, 1995.  Vidare har ho tatt vidareutdanning innan spesialpedagogikk, småskolepedagogikk og teiknspråk.

 

 

JVEUhBifoAYAAAAASUVORK 5CYII=

Kommunalsjef helse og omsorg – Synnøve Vasstrand Synnes, 48 år

Synnes er i dag rådmann i Ørskog kommunen. Ho er også ass. prosjektleiar i nye Ålesund. Før ho blei rådmann i Ørskog, var ho rådmann i Sande i 1 år.  Ho har hatt leiarstillingar i kommunesektoren sidan 2001 -  mellom anna som kontorsjef og ass. rådmann i Skodje kommune.   

Synnøve Vasstrand Synnes er cand. jurist frå Universitetet i Bergen, 1995.

 

 

HigMQAAAAASUVORK 5CYII=

Kommunalsjef velferd og sysselsetting – Solveig Aarø, 55 år

Aarø har dei siste 3 åra vore teamleiar for helse og omsorg i Ålesund kommune.  Ho kom då frå stillinga som einingsleiar i Haram kommune, der ho var leiar i 9 år.  Før ho starta i kommunesektoren, hadde ho ulike stillingar i sjukehus/helseføretak.  Ho har mellom anna vore avdelingssjukepleiar på Ålesund sjukehus i 8 år.

Solveig Aarø har master i kunnskapsleiing frå Høgskolen i Nord-Trøndelag og Copenhagen Business School, 2015.  Ho har også bachelor i sykepleie frå Høgskulen i Sogn og Fjordane.

 

 

 

i 39t 8f 8BQgQprM 71YgoAAAAASUVORK 5CYII=

Kommunalsjef opplæring – Bjørn Ivar Rødal, 60 år

Rødal er i dag kommunalsjef for kultur og oppvekst i Ålesund kommune. Ei stilling han har hatt sidan 2009. Han har hatt ulike leiarstillingar sidan 1988 i Skodje og Ålesund. Han har brei erfaring frå fleire kommunar som Ørskog og Sula kommune.  

Bjørn Ivar Rødal er utdanna kommunalkandidat innan samfunnsplanlegging og økonomi frå Distriktshøgskolen i Møre og Romsdal, 1980.

 

 

 

wAJonyYBEhS 5gAAAABJRU 5ErkJggg==

 Kommunalsjef kultur og medborgarskap – Malin Piegsa, 47 år

Piegsa har sidan juni i år vore ass. rådmann i Skodje kommune. Tidlegare var ho personalsjef i kommunen, ei stilling ho hadde i ca. 4 år. Før dette var ho folkehelsekoordinator i fleire år.  Piegsa har også erfaring frå ulike stillingar ved Ålesund sjukehus og Muritunet.  Ho var sjølvstendig næringsdrivande i ein 9-års periode.

Malin Piegsa har mastergrad i samfunnsplanlegging og leiing, bachelor innan fysioterapi frå Hälsouniversitetet Høyskole/Universitet i Linköping, 1994.  Ho har i tillegg tatt mellomfag i kristendom ved Høgskulen i Volda, 2013.

 

 

f 9X 8AEBQVytydQM 4AAAAASUVORK 5CYII=

Kommunalsjef tekniske tenester – Ole Andreas Søvik, 59 år

Søvik er i dag plan- og bygningssjef i Ålesund kommune. Ei stilling han har hatt i 2 periodar. Samla sett har han hatt denne leiarjobben i 6 år. Mellom dei to periodane, var han dagleg leiar i ÅKE (Ålesund kommunale eiendom) i ca 2 år. I kommunen har han vore leiar på ulike nivå sidan 2009.  Før dette var han på ulike arkitektkontor, der han også hadde ulike leiarposisjonar.  Han dreiv eige firma i 10 år.

Ole Andreas Søvik er utdanna sivilarkitekt frå NTNU, 1985. Han har også ein mastergrad i arkitektur frå NTH og ein executive master of management frå Handelshøyskolen BI, Oslo.