Maritimt aktivitetssenter (MAKS) har tilhaldsstad i småbåthamna i Røsokvika og er eit aktivitetstilbod retta mot ungdom, med padling og segling som hovedaktivitetar. Tiltaket er etablert i regi av Ungdommens kommunestyre. Med havet kring oss på alle kantar er det ein naturleg aktivitetsplass både for konkurranse, mosjon og rekreasjon. Området i og utanfor Røsokvika er særs eigna til padling og segling. Innerst i vika er det skjerma og grunt farvatn. Det er dermed ein glimrande plass å lære seg å meistre kajakken eller segljolla. Området utanfor er ei perle med eit mylder av øyar, holmar og skjer. Val av løyper er nærmast uendeleg. Lengre ute møter ein storhavet om ein er klar for slike utfordringar. Sjøvett og tryggleik har særs stort fokus for aktivitetane våre.

Utstyrspakken omfattar 10 kajakkar -  8 enkle og 2 doble med tilhøyrande utstyr som våtdrakter, sko, hanskar, vestar m.m. I tillegg har vi ei Walker Bay segljolle på 10 fot. Vi disponerer eigen båtplass og har eige naust til å oppbevare alt utstyret i.

I tillegg til målgruppa, kan også andre nytte utstyret, t.d. skuleklassar, born og vaksne.

Kontaktperson er Jørgen Ask Bakke, tlf. 90607475