Matombringing |
|
Bur du heime og har problem med å få laga middag til deg sjølv, kan du få maten tilkøyrd. Tilbodet kan vere varm eller frosen middag som blir levert heim til deg éin eller fleire dagar i veka.
|
Målgruppe
Eldre eller funksjonshemma som bur heime
|
Kriterium/vilkår
Sjukdom, alder eller andre årsaker gjer at du ikkje er i stand til å ta vare på ernæringsbehovet ditt.
|
Pris for tenesten Etter gjledande kommunale vedtak.
|
Brosjyrer, dokumentar, kart og liknande
|
| Serviceerklæring |
| Regelverk |
Tenesta er ikkje lovpålagd. Matlevering kan bli gjeven for å dekkje eit hjelpebehov som gjev rett på tenesta. I slike tilfelle blir tenesta gjeven etter helse- og omsorgstenestelova.
Lover Forvaltningsloven Helse- og omsorgstjenesteloven § 3-2 - Kommunens ansvar for helse- og omsorgstjenester
Forskriftar Forskrift om egenandel for kommunale helse- og omsorgstjenester Forskrift om kvalitet i pleie- og omsorgstjenestene
|
| Praktiske opplysningar |
Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta
Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje om matlevering, eller du kan be andre hjelpe deg dersom du har behov for det. Dersom ein annan søkjer på vegner av deg, må vedkommande ha fullmakt.
|
Vedlegg
Du må leggje ved fullmakt dersom det er nokon som søkjer for deg.
|
Send søknaden til
Sandøy kommune
Eining for omsorgstenester
v/ inntaksnemnda for omsorgssaker
Sandøytunet
6487 Harøy
|
Saksbehandlingstid
Etter reglar i forvaltningslova, 21 dagar.
|
Høve til å klage
Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.
|