Hopp til hovedinnholdet på siden Hopp til nettstedskarta Hopp til kontaktinformasjon
Bile av Harøy med hav og fjell i bakgrunnen
Du er her: Hjem > Tenestekatalog > Tenester A-Å

Miljøplan i jordbruket

Miljøplanen skal vere eit hjelpemiddel for kvar einskild gardbrukar til å skildre og gjennomføre miljøtiltak på garden. Planen skal mellom anna bidra til meir miljøvennleg jordbruksproduksjon og synliggjere miljøinnsatsen i jordbruket. Miljøplan i jordbruket inngår som ein del av Kvalitetssystem i landbruket (KSL), som dokumenterer korleis matproduksjonen skjer på gardsbruka. Miljøplanen skal ikkje sendast inn til landbruksmyndigheitene, men oppbevarast på føretaket i ti år for revisjon og kontroll.

Målgruppe

Alle landbruksføretak som mottek produksjonstilskott med unnatak av føretak som berre mottek tilskot til honningproduksjon.

Kriterium/vilkår

Miljøplan Trinn 1 inneheld sjekkliste, ev. med tiltaksplan, gjødslingsplan, sprøytejournal og kart. Dersom eit føretak manglar miljøplan ved søknad om produksjonstilskott, blir tilskottet redusert etter satsar fastsett i jordbruksavtalen. Miljøplan trinn 2 skal liggje føre for landbruksføretak som i tillegg søkjer om stønad til gjennomføring av spesielle miljøtiltak i jordbruket.

Pris for tenesten
Brosjyrer, dokumentar, kart og liknande
Serviceerklæring
Regelverk

Jordlova §§ 3 og 18. Sjå § 4 i forskriften om innhaldet i ein miljøplan.



Lover
Jordlova

Forskriftar
Forskrift om miljøplan
Praktiske opplysningar
Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta

Kommunen kan hjelpe med å skaffe kart og generell informasjon om miljøplanarbeidet og opplysningar om spesielle lokale miljøverdiar og miljøutfordringar som gjeld i det aktuelle området.

Skjema

Du må bruke sjekkliste frå Statens landbruksforvaltning.


Miljøplan - sjekkliste
Veiledning - utfylling av sjekkliste
Send søknaden til

Sandøy kommune

6487 Harøy

Sakshandsaming

Dersom miljøplanen ved kontroll ikkje oppfyller krava, gjør kommunen vedtak om dette. Utan godkjend miljøplan blir produksjonstilskottet redusert.

Høve til å klage

Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp hva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing.Klageinstans er Fylkesmannen. Før klag blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket blir halde ved lag, vil saka bli sendt til Fylkesmannen.