Vi får besøk av Kjersti Falck frå FUG (Foreldreutvalet for grunnopplæringa).

Skulen skal sørgje for samarbeid med heimen.

Foreldresamarbeid skal ha eleven i fokus og bidra til eleven sin faglege og sosiale utvikling.

Eit godt foreldresamarbeid er ein viktig ressurs for skulen for å styrkje utviklinga av gode læringsmiljø og skape læringsresultat som mellom anna fører til at fleire fullfører vidaregåande opplæring

Foreldreutvalet for grunnopplæringa (FUG) er eit sjølvstendig rådgivande organ for departementet i saker om samarbeid mellom skule og heim for grunnskulen og første året av vidaregåande opplæring.

FUG skal arbeide for godt samarbeid mellom skule og heim, og skal vareta foreldra sine interesser i skulesamanheng.

 

For meir info, sjå www.fug.no