Næringslivet før og no
Ei opplisting av næringsverksemd i dag
Ved i klikke her, kan du få ei fullstendig oversikt over bedrifter og føretak i kommunen. Derifrå kan du kome deg vidare til fleire av næringslivet sine heimesider og få meir detaljert informasjon om verksemd, produkt og produksjon.
Ein summarisk sveip gjennom kommunen si tidlege næringslivshistorie.
Fram til 1867, då sandøyværingane lykkast, etter mangeårig strev og strid, å skilje lag med Akerø (Aukra) Prestegjelds Herred i Romsdals Fogderi og Amt og stå fram som ei sjølvstendig kommune, hadde innkome og dagleg brød i all hovudsak fiskarbonden sørgja for.
Fiskarbonden, eit kjønnsnøytralt omgrep; kona som tok hand om gardsbruket, heimleg handverk og oppseding av ungane, medan mannen hadde havet som arbeidsplass.
Med sjølvstendeerklæringa bråvakna sandøysamfunnet opp til ein arbeidsdag fylt av kunnskapssvolt, nybrotstankar og framstegsvilje.
Påverka av optimismen og sjølvtrua som prega den norske tidsånda fram mot hundreårskiftet, fekk skaparkrafta rotfeste på øyane ”Ytst mot brynet”. Gründeren og gründerånda vart fødd.
Kunnskap skal bygge framtida
1877. Omgangsskule på Harøya er ein saga blott. Eit nytt skulebygg vert teke i bruk
1883. Ei ny tidsrekning vert innført i lokalsamfunnet – før og etter amtskulen.
1889. Ona/Husøya får også bygd ny, fast skule.
1890. Det vert innført 36 vekers framhaldskule.
1892. No er Sandøya også forspent med eige skulebygg.
1893. Kommunestyret løyver pengar til ei skuleboksamling
1896. Sandøy kommunen innfører landsmål (nynorsk) som skrifts- og opplæringsspråk, den
første kommunen i Noreg.
Gründeren, vidsynet, skaparkrafta
1884. Kommunestyret søkjer Indredepartementet om å hyre inn ein ingeniør for å utgreie om
den sterke havstraumen gjennom Hellesundet kan nyttast til møllebruk.
1884. Nils N. Finnøy startar opp ei smedverksemd som skal vise seg å bli ein arnestad for
nyvinningar.
1891. Nils N. Finnøy tar patent på eit garnspel og 7 år seinare på eit line- og kabelspel.
1895. Kommunestyret gir løyve til å setje i gang den første yrkesopplæringa i jordbruk og
fjøsstell.
1898. Som det første fiskarlaget i Møre og Romsdal vert Harøy fiskarlag skipa.
1901. Frå vinddrift til motordrift. Fiskarane Rasmus Torsen, Knut Jonassen og Mathias G.
Sandøy får finansiert kjøpet av ein engelsk motor til fiskebåten. Eit vågalt sprang av det
første i sitt slag i kongeriket.
1902. Nils N. Finnøy får stabil start på prototypen Finnøymotoren, den første norskbygde
fiskebåtmotoren.
1902. Nils Øiehaug startar torvfabrikk på Nordheim. Frå utskipingshamna går produktet til
Ålesund for straumproduksjon og oppvarming.
1912. Med vedtekter skrivne på nynorsk får kommunen ein finansinstitusjon, Sandøy
Sparebank.
1912. Brødrene Brunvoll etablerer Brunvoll Motorfabrikk, utfører båtreparasjonar og
produserer etterkvart garnspel og båtmotorar.
1914. Brødrene Sæbjørnsen startar fiskehermetikkfabrikk på Steinshamna.
1914. Romsdal fiskevegnfabrikk produserer fiskevegn i fabrikklokale i Røsokvika.
1915. I.P.Huse-verksemdene omstiller seg frå handel til produksjon av tønner.
1916. Kommunestyre gjer vedtak om vere med å skipe Tafjord Kraftselskap.
1917. Brødrene Sæbjørnsen si regionale pionersatsing på selfangst tek til. Året etter legg
reiarlaget om til kvalfangst.
1923. Som einsærleg julegåve dette året får Harøya ført fram elektrisk straum. Dei andre
øyane vert knytt til nettet etterkvart i tur og orden.
1927. Sæbjørnsen-brødrene sin landstasjon for industriell utnytting av kvalen vert kombinert
med sildoljefabrikk.
