Hopp til hovedinnholdet på siden Hopp til nettstedskarta Hopp til kontaktinformasjon
Bile av Harøy med hav og fjell i bakgrunnen
Du er her: Hjem > Nyttig informasjon > NAV Sandøy

Informasjon om NAV-kontor i Sandøy

NAV-reforma blei vedtatt i Stortinget våren 2005.

I samband med reforma blei Aetat og trygdeetaten lagt ned og Arbeids- og velferdsforvaltninga (NAV) blei etablert 1. juli 2006. Kommunal sosialteneste blir samordna med den nye statlege etaten i eit forpliktande samarbeid mellom den enkelte kommune og staten, det blir nedfelt lokal samarbeidsavtale i kvar enkelt kommune. Det blir ikkje endring i ansvarsforholda mellom stat og kommune.
 
 
NAV sitt overordna mål, kva skal reforma føre til?
 
NAV sitt overordna mål er å gi menneske moglegheit til arbeid/aktivitet, og samtidig sikre rettigheiter til velferdsytingar.
Reforma skal føre til:
- Fleire i arbeid og aktivitet, færre på stønad
- Enklare for brukarane og tilpassa brukarane sine behov
- Ei heilskaplig og effektiv arbeids- og velferdsforvaltning
De skal vere ei dør til NAV-kontoret i alle kommunar!
 
 
Kva tenester skal NAV Sandøy tilby?
 
Tenestetilbodet i NAV-Sandøy omfattar alle tenester frå tidligare trygdeetaten og Aetat, samt kommunen si sosialteneste. Sandøy kommune har tatt inn i NAV: Økonomiske stønadsordningar (ikkje bustønad), økonomisk sosialhjelp, økonomisk rådgiving, rusomsorg og barnevern.
 
 
Kvar finn du NAV Sandøy?
 
NAV Sandøy finn du i samme lokala som tidlegare NAV Sandøy trygd (”i gamle posten” i tilknytning til rådhuset).