Nordøyvegen si historie går tilbake til 1987, då Giske kommune fek undersjøisk samband med Ålesund. Initiativet skapte stor optimisme frå Sandøy kommune i nord til Løvsøya i sør, med von om eit fastlandssamband som kunne stabilisere og kanskje auke folketalet på Nordøyane, samtidig som næringslivet kunne planlegge utifrå ein ferjefri infrastruktur. 

Privatpersonar, organisasjonar og bedrifter kjøpte aksjar i stort tal for å gi Nordøyvegen A/S eit økonomisk grunnlag for å kunne drive fram prosjektet. 

Men først i 1999 fekk samferdselsdraumen eit reelt løft. Samtidig med at kommunane Sandøy og Haram forplikta seg til å bidra med 50 mill kroner kvar (seinare oppjustert til 80 mill kvar), sa næringslivet på øyane seg villig til å skyte inn pengar også i millionklassen.

Prosjektet nærmar seg no ein realitet.

Lenkjer

Statens vegvesen - Hald deg orientert om prosjektet på denne sida!

Sunnmørsposten om Nordøyvegen

Romsdals Budstikke om Nordøyvegen

NRK om Nordøyvegen

Deloitte sin rapport om Nordøyvegen (Bestilt av I.P. Huse AS og Rostein AS)