Vi viser til annonse i Romsdals budstikke 14.3.2019 om dette, der det blei feilinformert.

Modellen skal prøvast ut i kommunane: Midsund, Aukra, Fræna, Eide, Molde, Rauma, Nesset og Sunndal kommunar

Sandøy kommune vil frå 2020 inngå i legevaktordninga for nye Ålesund og blir ikkje del av den nye modellen og undersøkinga som skal gjennomførast i regi av Nasjonal kompetansesenter for legevaktmedisin. Ved ein feil stod det i annonsa at Sandøy også skulle delta.

 

Sandøy kommune samarbeider med Midsund og Aukra kommunar om felles legevakt ut 2019.

Det blir arbeidd med ny modell for samarbeid i Nye Ålesund frå 2020.