Nydyrking av areal til jordbruksformål |
|
Nydyrking kan berre skje etter ein plan som er godkjend av kommunen. Ved avgjerda skal det leggjast særleg vekt på kva for verknader nydyrking vil ha for natur- og kulturlandskapsverdiar som landskapsbiletet (inkl. eksistarende tilgjenge til areal som ligg bakanfor), mangfaldet i naturen og kulturminne. Ved nydyrking skal det setjast att ein vegetasjonssone mot vassdrag etter nærare føresegner. Er nydyrking ikkje sett i verk innan tre år etter at godkjenninga er gjeven, fell løyvet bort.
|
Målgruppe
Gardbrukarar som ønskjer å utvide det dyrka arealet sitt.
|
Kriterium/vilkår
Ved godkjenning av nydyrking skal det m.a. leggjast vekt på at
- det bør vere behov for å styrkje driftsgrunnlaget for driftseininga
- nydyrkingstiltaket bør leggjast til rette for driftsmessig gode løysingar
For areal over 50 dekar må det liggja føre ei konsekvensutgreiing.
|
Pris for tenesten
|
Brosjyrer, dokumentar, kart og liknande
|
Samarbeidspartnarar
Statens landbruksforvaltning
|
| Serviceerklæring |
| Regelverk |
Jordlova § 11
Lover Jordlova § 11
Forskriftar Forskrift om konsekvensutredninger Forskrift om nydyrking
|
| Praktiske opplysningar |
Søknadsfrist
Søknader blir behandla etter kvart som dei kjem inn.
|
Send søknaden til
Sandøy kommune
6487 Harøy
|
Sakshandsaming
Med søknaden skal det følgje ein plan for arbeidet. Planen skal m.a. innehalde opplysningar om tilgjenge, grøfting og framtidig drift av arealet. Den som ikkje sjølv har tilstrekkelege kunnskapar til å utarbeide planen, bør kontakte fagleg kvalifisert hjelp. Kommunen kan rettleie deg.
Kommunen gjer vedtak som førsteinstans. Før vedtak blir gjort, skal kommunen innhente dei uttaler som er nødvendige og elles sørgje for at saka er så godt opplyst som mogleg. Omsynet til natur- og kulturlandskapsverdiar skal vurderast for større område uavhengig av eigedomsgrenser. Regional kulturminnemynde skal ha høve til å uttale seg. Samisk kulturminneråd skal ha høve til å uttale seg dersom nydyrkinga kan vedkomme deira fagområde. Fylkesmannen skal ha høve til å uttale seg der nydyrkinga kan vedkomme vesentlege miljøverdiar. Det skal setjast ein uttalelsesfrist på minst éin månad.
|
Høve til å klage
Dersom kommunen avslår søknaden, kan du klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du oppgje kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er Fylkesmannen. Før klaga blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til endre det. Dersom vedtaket blir halde ved lag, vil saka bli sendt til Fylkesmannen.
|