Hopp til hovedinnholdet på siden Hopp til nettstedskarta Hopp til kontaktinformasjon
Bile av Harøy med hav og fjell i bakgrunnen
Du er her: Hjem > Tenestekatalog > Tenester A-Å

Offentlege pålegg og restriksjonar i plante- og husdyrproduksjon - erstatning

Hovudføremålet med erstatningsordninga er å sikre at verksemder innan landbruket ikkje lir tap fordi dei blir pålagte oppgåver eller restriksjonar frå det offentlege som eit ledd i å oppfylle føremålet i matlova om å sikre helsemessig trygge næringsmidlar og miljøvennleg produksjon. Ordninga skal vere med på å

  • medverke til å nedkjempe planteskadegjerarar og dyresjukdommar
  • medverke til trygg mat
  • redusere belastinga ved ulike hjelperådstiltak

Erstatning kan gjevast

  • for produksjonstap av plantar og husdyr
  • for saneringstiltak
  • for tap i ein pålagt opphaldsperiode
  • for produksjonstap ved flytterestriksjonar på bier
  • for nedfôringskostnader osb. på grunn av radioaktivitet
Målgruppe

Verksemder innan landbruket som

  • er registrerte i Einingsregisteret
  • er registrerte som meirverdigavgiftspliktige
  • kan levere årsoppgåve som landbruksføretak
  • er husdyreigar

Verksemder som ikkje fell inn under målgruppene over, kan likevel få utbetalt erstatning dersom dei har hatt enn omsetnad på minst 20 000 kroner dei siste tolv månadene før pålegget eller restriksjonen blei gjeven.

Kriterium/vilkår

For å få erstatning blir det stilt vilkår om at verksemda

  • ikkje har valda tapet forsettleg eller grovt uaktsamt
  • har oppfylt varslingsplikta
  • har gjennomført pålagte tiltak

Vidare blir det stilt som vilkår at tapet ikkje kan dekkjast gjennom ei allmenn forsikringsordning, eller at søkjaren ikkje får dekt tapet på annan måte.

Pris for tenesten
Brosjyrer, dokumentar, kart og liknande
Serviceerklæring
Regelverk

Lover
Matloven

Forskriftar
Forskrift om erstatning (...) i plante- og husdyrproduksjon
Praktiske opplysningar
Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta

Søknad om erstatning setjast fram på skjema fastsett av Statens landbruksforvaltning.

Skjema

Skjema SLF-278 og SLF-279


Skjema fra Statens landbruksforvaltning
Vedlegg

Kopi av offentleg pålegg eller restriksjon, stadfesting på at heile eller delar av pålegget eller restriksjonen er gjennomført, dokumentasjon over tap og annan nødvendig dokumentasjon.

Søknadsfrist

Seks månader etter at pålagte eller frivillige tiltak er gjennomførte.

Send søknaden til

Fylkesmannen

Sandøy kommune

6487 Harøy

Sakshandsaming

Det vil bli gjort eit vedtak. I vedtaket går det fram om du har fått erstatning eller ikkje.

Saksbehandlingstid

Saka skal behandlast så snart som råd. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når ein ventar at vedtaket vil bli gjort.

Høve til å klage

Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Klageinstans er Statens landbruksforvaltning. Før klaga blir sendt dit, skal den instansen hos Fylkesmannen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket blir ståande, vil saka bli sendt til Statens landbruksforvaltning.